Regionalplan for kulturmiljø

Strandgravfeltet ved Hå gamle prestegård Rogaland Fylkeskommune

Rogaland fylkeskommune utarbeidar ein regional plan for kulturmiljø som skal visa korleis kulturminne, kulturarv og kulturlandskap kan bli utvikla, bevart og formidla i framtida. Planforslaget har vore på høyring til 15. februar 2023, og fylkeskommunen arbeider med å behandle innspel.

Planen – kort fortalt

Regionalplanen skal gje oversikt over viktig kulturarv i fylket, og gje mål og føringar for den regionale kulturmiljøpolitikken. Planen inneheld både oversikt over kulturmiljø, mål, planretningslinjer og eit handlingsprogram som viser planlagde tiltak. 

Fylkeskommunen er regional planmyndigheit og sektormyndigheit for kulturminne, med særleg ansvar for å ivareta nasjonale og regionale kulturmiljøverdiar. For kommunane har fylkeskommunen og ei viktig rettleiarrolle. 

Ein regional plan skal legga føringar for regional og kommunal planlegging og verksemd og bidra til samarbeid og utvikling med andre aktørar. Kulturmiljøvern skjer i samspel mellom det offentlege, eigarar, næringsliv og organisasjonar.

Høyring av planforslag 

Fylkesutvalet vedtok 29.11.2022 å legge Regionalplan for kulturmiljø ut på høyring.  

Les meir på høyringssida til Regionalplan for kulturmiljø

Høyringsfrist er gått ut, men fleire kommunar har fått utsett frist for politisk behandling.

Planens visjon for kulturmiljøvernet i Rogaland

Rogaland tar vare på og verdsett kulturmiljøa sine som viktige ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling.  

Til visjonen er det utarbeida mål, strategiar og tiltak som blant anna skal bidra til formidling av kulturmiljø, rådgiving og støtte til eigarar av gamle bygg, bruk av kulturminne i stadutvikling og reiseliv, universell utforming, klimatilpassing og mykje meir.  

Les meir om planens visjon, mål og strategiar i planforslaget.  

Handlingsprogrammet følger mål og strategiar, og legg opp til tiltak for åra 2023-2025.  

Regional historie og kulturmiljø

Rogaland er eit variert fylke med mangfaldig historie. Regionalplan for kulturmiljø skal få fram breidda i historia og løfta fram kulturmiljø og kulturminne av alle typar og frå alle historiske epokar.

Dette gjer vi gjennom å kartlegga og definera kulturmiljø med vesentleg regional verdi. Desse kulturmiljøa er del av planen, og dei er skildra og markert i Temakart-Rogaland.

Å peika ut dei kulturmiljøa som er av regional interesse, er eit viktig grep med stor verdi for framtidig forvaltning.

Rapporter

Det er utarbeida tre skriftlege rapportar om formidling, kunnskap og kompetanse og berekraftig samfunnsutvikling. Desse fortel om status, aktørar, utfordringar og moglegheiter og er brukt i planlegging av mål, strategiar og tiltak. Rapportane er bakgrunnsmateriale til regionalplanen, men er ikkje del av planen.

Organisering og framdrift

Planarbeidet styrast av fylkeskommunen, med innspel og medverking frå kommunar, museum og organisasjonar på kulturmiljøfeltet. I tillegg kan andre relevante aktørar gje innspel under høyringa, som reiselivsnæringa eller andre som tar vare på eller bruker kulturarven.

Det er oppretta ei politisk styringsgruppe med representantar frå fylkeskommunen og kommunane og ei prosjektgruppe med representantar frå fylke, kommune, museum og det frivillige. 

Framdrift:

Planarbeidet er delt i ulike fasar: oppstart, planprogram, kunnskapsinnhenting og planutkast.

No har planutkastet vore på høyring, og fylkeskommunen arbeider med å handsame innspel og revidere planen. Framdriftsplanen peiker på endeleg politisk behandling i fylkestinget juni 2023.

Til toppen