Strategi for bioøkonomi 2018 – 2030 - Rogaland fylkeskommune

Strategi for bioøkonomi 2018 – 2030

Klikk for stort bildeVedtatt i 2018.

Det grøne skiftet i Rogaland

Det grøne skiftet er forankra i dei globale berekraftsmåla og i dei globale klimautfordringane. Desse ber bod om eit grønt skifte. Grunnlaget er ei samfunns- og næringsutvikling med mest mogleg gjenbruk og minst mogleg avfall, bruk av fornybare biologiske ressursar og minimalt med klimagassutslepp. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, spår at bioøkonomien vil vera den dominerande økonomien i Europa innan 40 år.   

Strategi for bioøkonomi

Det er ambisiøse mål i strategien. Visjonen er at Rogaland skal verta eit kraftsenter for bioøkonomien. Samarbeid, kunnskap og teknologi er det som skal gjera visjonen om til noko verkeleg. Det er peika ut tre innsatsområde:

  • utvikling og produksjon av fôr og fôrressursar til jordbruks- og havbruksnæringa
  • avfall som ressurs og auka bruk av restråstoff – sirkeløkonomi
  • auka lokal foredling av råvarer frå landbruket og havbruket

Det er etablert eit Bioråd med representantar frå næringslivet og arbeidsgrupper til kvart av innsatsområda. Desse skal følgja opp måla knytt til innsatsområda og setja i gong tiltak som medverkar til det grøne skiftet, verdiskaping og sysselsetting i heile Rogaland. Landbruket og havbruket er viktige næringar kor samarbeidet og samhandlinga mellom desse er viktig i utviklinga av bioøkonomien.

Dokumenter

Strategi for bioøkonomi 2018 – 2030 (PDF, 4 MB)

Til toppen