Regionalplan sjøareal havbruk - Rogaland fylkeskommune

Regionalplan sjøareal havbruk

Den blåe åkeren, Boknafjorden - Klikk for stort bilde Sissel Bakke

Vedtatt i 2017.

Fylkestinget vedtek endringar av retningslinene i regionalplanen 

I møtet 5. mars 2019 sak 12/19 gjorde fylkestinget eit samrøystes vedtak om å endre nokre av retningslinene i regionalplanen. Vedtaket og endringane finnast i protokollen (PDF, 369 kB) frå møtet. 

Regionalplan sjøareal havbruk

Regionalplanen er ein strategisk plan for utvikling av havbruksnæringa og sjømatproduksjonen. Det regionalpolitiske målet forankra i akvakulturstrategien og regionalplanen, er ei dobling av produksjonen frå 2010 til 2020. Det nasjonale målet er ei femdobling innan 2050.

Regionalplanen har søkjelyset på tilgangen til gode næringsareal som ei av hovudutfordringane for å  auke produksjonen av sjømat frå havbruket. Utfordringa skal løysast med planlegging i medhald av plan- og bygningslova og ei demokratisk planstyring. Planlegginga skal løyse interessekonfliktar, avklare gode næringsareal for havbruket og trygge ei berekraftig produksjon av sjømat og arealbruk i sjøen. Det er mange arealbruksinteresser i sjøareala noko som krev ein god planprosess med ein brei medverknad og involvering. Berekraft er eit grunnleggjande premiss i all planlegging og utvikling noko som krev ein kunnskapsbasert planprosess. Det er store kunnskapshol når det gjeld dei naturgitte eigenskapane og biologisk mangfald til sjøareala. Det jobbast med å få på plass marine grunnkart for heile kysten. Førebels er det plukka ut tre pilotområde kor Nye Stavanger kommune er eit av desse.   

Gjennomføring av planen

Handlingsprogrammet (PDF, 350 kB)er eit viktig verktøy for å oppfylle intensjonen til regionalplanen. Det er etablert ei politisk styringsgruppe til gjennomføringa av handlingsprogrammet. Alle kommunane med sjøareal er representert med ordførar. Det er etablert eit plansekretariat i fylkeskommunen med kompetanse innan GIS, akvakulturforvalting, næringsutvikling og planlegging.  

Rundskriv om planlegging og ressursutnytting i kystnære område.

Rundskriv H-6/18 (PDF, 2 MB) om lovar og retningsliner for planlegging og ressursutnytting i kystnære sjøområde erstattar rundskriv T- 4/96.

I ei pressemelding frå Kommunal og moderniseringsdepartementet 23. oktober 2018 heiter det:  Havet er kystkommunenes skattkammer, og aktiv planlegging er viktig for å sikre både lokal verdiskaping og langsiktig bærekraftig utvikling. I vårt nye rundskriv gir vi kommunene råd og veiledning om hvordan de kan løse denne viktige oppgaven, sier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Det er en rivende utvikling i aktiviteter og næringsliv i sjøområdene, og oppdaterte planer er kommunenes viktigste kort for å sikre verdier og utvikling. Kommunal og regional planlegging sikrer åpenhet og dialog, som er viktig fordi det kan være motstridende interesser i sjøområdene. Kommunene har god erfaring med å planlegge på land. Nå oppfordrer vi kommunene også til å planlegge mer i sjø. Det er viktig både med tanke på næringsutvikling og for god utvikling av ferdsel, friluftsliv og naturmiljø, sier Mæland.

Behovet for en helhetlig planlegging, med en god samordning og avklaring av kompetansemyndigheter, har økt. Plan- og bygningsloven er den sektorovergripende loven som skal sikre en slik samordning av statlige, fylkeskommunale og kommunale interesser i arealbruken. Et avklart forhold mellom ulike lover og retningslinjer gir kommunene større handlefrihet og gjør planleggingen mer effektiv. Oppdaterte kommuneplaner for sjøområdene vil gi økt forutsigbarhet både for sjørettede næringer og andre interesser i sjøområdene, sier Mæland.

Dokumenter

Regionalplan sjøareal havbruk (PDF, 7 MB)

Til toppen