Regionalplan for landbruk - Rogaland fylkeskommune

Regionalplan for landbruk

Sau i fjellet - Klikk for stort bilde Sissel Bakke Regionalplanen er regional nærings – og arealpolitikk for å auka matproduksjonen, styrka jordvernet og landbruket i heile Rogaland. Planen blei vedtatt i 2011. 

Kommunane blir oppmoda til å setja jordbruket og matproduksjon på dagsorden i den strategiske samfunns- og næringsplanlegginga. Regionalplanen er eit kunnskapsgrunnlag og eit viktig regionalpolitisk verktøy ovafor nasjonale styresmakter i jordbruksoppgjera.   

Visjonen er eit livskraftig landbruk i heile Rogaland. Planen har heile åtte satsingsområde med over 50 mål. Då fylkestinget vedtok planen våren 2011 prioriterte regionalpolitikarane mat, rekruttering og kompetanse, energi og klima som satsingsområde for å utvikla landbruket i heile Rogaland.

Regionalplanen og satsingsområda legg føringar for den regionale landbrukspartnarskapen, prioriteringar i økonomiske støtteordningar og bruken av økonomiske verkemiddel.

Dokumenter

Regionalplan for landbruk (PDF, 10 MB)

Til toppen