Landbruk - Rogaland fylkeskommune

Landbruk

Kyr i landskap - Klikk for stort bildeLandbruket - ei næring for framtida

Fylkeskommunen skal leggje til rette for næringsutvikling i landbruket. Dei viktigaste regionalpolitiske styringsdokumenta for utvikling av landbruket i Rogaland er Regionalplan landbruk og Strategi for bioøkonomi. Regionalplanen er og eit viktig regionalpolitisk verktøy ovafor nasjonale styresmakter i jordbruksoppgjera.   

Visjonen er eit livskraftig landbruk i heile Rogaland. Dei politiske satsingsområda i regionalplanen for å oppfylle visjonen er mat, rekruttering og kompetanse og klima og energi.

Fylkestinget vedtok det då dei godkjende regionalplan for landbruk våren 2011: Fylkeskommunen meiner eit strengt jordvern er avgjerande om ein skal klare å fylle visjonen om eit livskraftig landbruk i heile fylket

Regionalplan landbruk og Strategi for bioøkonomi er førande for den regionale landbrukspartnarskapen og prioriteringar av økonomiske verkemiddel. Frå 1. januar 2020 leier fylkeskommunen den regionale landbrukspartnarskapen som prioriterer og utformar korleis dei regionale tilretteleggingsmidlane i landbruket og bedriftsutviklings- og investeringsmidlane i landbruket skal brukast. I tillegg til fylkeskommunen er Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge, Rogaland og næringsorganisasjonane i landbruket med i partnarskapen. Det er  Innovasjon Noreg, Rogaland som forvaltar bedriftsutviklings- og investeringsmidlane i landbruket. Dei regionale tilretteleggingsmidlane i landbruket vert frå 1. januar 2020 forvalta av fylkeskommunen.   Klikk for stort bildeKaka viser dei ulike næringsgreinene i jord- og hagebruket sin del av samla verdiskaping, Kjelde: NIBIO, 2019  Klikk for stort bildeKaka viser verdiskapinga i landbruket delt på regionane.

Til toppen