Ny rapport om villaksens vandring i Rogaland - Rogaland fylkeskommune

Ny rapport om villaksens vandring i Rogaland

Klikk for stort bildeKunnskap om kvar og når villaksen vandrar i fjordane er viktig kunnskap. Her er ein ny rapport om dette.

Me veit at villaksen vandrar frå elvane og ut i havet. Me har lite kunnskap om kvar, når og kor raskt dei kjem seg frå elvane og ut i havet. Sommaren 2020 gjennomførte Havforskingsinstituttet ei kartlegging for å finne ut meir om korleis villaksen vandrar gjennom Boknafjorden, når og kort raskt dei vandrar. Dei merka laksesmolt frå Dirdalselva i Høgsfjorden og frå Vikedalselva med aksutiske merker og registerte vandringa med bruk av lyttebøyer. Det vart ikkje merka mange fiskar slik at dataene skal tolkast og brukast med varsemd. Storparten vel den koraste ruta medan nokre vel lengre ruter. Kvifor det er slik og kva som ligg til grunn for valet av bestemte vandringsruter er enno ikkje godt nok kartlagt.  

Kunnskap om kvar og når villaksen vandrar i fjordane er viktig kunnskap for akvakulturforvaltinga, oppdrettsnæringa og planleggjarar for å dempe smittepresset frå lakselusa. 

Resultata finn de i rapporten frå Havforskningsinstituttet som er laga på oppdrag frå Mattilsynet og Rogaland fylkeskommune.

Rapport telemetriforsøk Boknafjorden 2020 (PDF, 634 kB)

Til toppen