Ny plan skal bevare kulturarven i Rogaland

Ein kulturminneplan kan bidra til å formidle og bevare store kulturmiljø som strekk seg over store områder. «Hitlertennene» og andre anlegg frå krigen er del av den store forsvarslinja som Tyskland etablerte langs kysten under andre verdskrig. Elisabeth Tønnessen Fylkeskommunen er i gang med å lage den første regionale kulturminneplanen sidan 1989.

Rogaland er eit fylke som er rikt på kulturarv, og det er stor interesse for bevaring av kulturminne blant kommunar, eigarar og i organisasjonslivet. 14. og 15. oktober var dei første av ei rekke opne møter for medverking til den regionale kulturminneplanen arrangerte i Haugesund og Stavanger. Her deltok representantar frå dei fleste kommunane, museum og fleire ulike organisasjonar på felles verkstad for å snakke om korleis me ynskjer å ta vare på kulturmiljø framover.

Rogaland har mykje kulturarv

Ein plan skal legge føringar for regional og kommunal planlegging og verksemd, samt at den kan legge til rette for samarbeid og utvikling mot andre aktørar. Kulturminnevern skjer i samspel mellom det offentlege, eigarar, næringsliv og organisasjonsliv.   Verkstaden i Stavanger var på Viktoria hotell, eit historisk hotell frå 1900 i Stavanger sentrum.

På verkstadane i Haugesund og Stavanger blei det diskutert kva planen bør vere, utfordringar, moglegheiter og kva kulturmiljøtema som er særleg viktige å ha med. Det var livleg diskusjon, og fylkeskommunen fekk mange gode innspel til kva ein plan bør innehalde, og kva behov som finst.

Særleg var det engasjement rundt å formidle kulturarven, og å få meir og betre samarbeid mellom aktørane som arbeider med å bevare kulturarv, som fylke, kommunar, museum og frivillige organisasjonar.

Det blei og gitt mange gode innspel rundt kva type kulturminne som er særleg viktige å få fram, utfordringa i eit slikt planarbeid er å vurdere kva delar av dei fleire tusen kulturminna i Rogaland som bør prioriterast.

Framdrift og medverking

Det er oppretta ei politisk styringsgruppe med representantar frå fylket og kommunar. Det er og oppretta ei prosjektgruppe med representantar frå kommunar, museum, fylke og fylkesmann. Desse, i tillegg til innspelsverkstadar og andre innspelsmøter, gir innspel til planarbeidet utover høyringane.

Formidling av historia er ein viktig del av å få auka medvit rundt kulturminna våre, her frå strandgravfeltet ved Hå gamle prestegard. Strandgravfeltet består av mange graver av ulik utforming og størrelse frå folkevandringstid.Den endelege planen skal gje ei oversikt over kulturarven i fylket, og gje mål og føringar for den regionale kulturminnepolitikken. Ein plan inneheld både mål og retningslinjer og eit handlingsprogram som viser planlagde tiltak.

Det vil først utarbeidast eit planprogram som legg føringar for innhald i planen. Dette skal på open høyring våren 2021. Deretter skal planen utarbeidast, og det vil vere fleire møter med ulike grupper og tema. Endeleg plan skal på høyring i 2022.

Ein viktig rettleiar

Fylkeskommunen er regional planmyndigheit og sektormyndigheit for kulturminne, med særleg ansvar for å ivareta nasjonale og regionale kulturminneverdiar. For kommunane har fylkeskommunen og ein viktig rettleiarrolle.

Oppstart av planarbeidet blei vedtatt i fylkestinget 16. juni 2020. 

Styringsgruppa består av Asle Rafdal (leiar), Lisbeth Vikse (nestleiar), Bjørg Tysdal Moe og Johan Aakre  frå fylkeskommunen, Asbjørn Birkeland frå Ryfylke, Svanhild Irene Lygre Andersen frå Haugalandet, Gro Helleland frå Dalane, Henry Tendenes frå Sør-Jæren og Anders Fjelland Berntsen frå Nord-Jæren.

Les mer om Regionalplan for kulturminne