Korleis skal vi ta vare på kulturmiljø i framtida?

Klikk for stort bildeEin ny regionalplan for kulturmiljø skal legge til rette for bevaring, bruk og utvikling av kulturmiljø i Rogaland. Planprogrammet er nå lagt ut på høyring fram til 15. april.

Rogaland fylkeskommune planlegg korleis vi skal ta vare på vår felles kulturarv. Kulturarv og kulturmiljø er spor av fortida i notida. Helleren i Sokndal, Sjøhusa i Stavanger, bunader frå Frafjord, industristaden Sauda eller Avaldnes kyrkje og kongsgard på Karmøy vitnar om lokal, regional og nasjonal historie, levemåte og tradisjonar.

Kulturmiljøvern er å ta vare på spora av fortid for framtida. Kulturmiljø er kjelde til kunnskap, opplevingar og bruk. Kulturmiljøa i Rogaland er i aktiv bruk av innbyggjarar og tilreisande.

Skal samordne ressursar

Planprogrammet er ein plan for planen, og legger føringar for planarbeidet fram mot endeleg plan.

Klikk for stort bildeKate Irene Jellestad Syvertsen, seksjonssjef for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.– Gjennom planarbeidet ønskjer vi å samla aktørar og lage ein framtidsretta og berekraftig kulturmiljøpolitikk. I   planarbeidet vil vi definere og vurdere kulturmiljøverdiar, samordne ressursar og verkemiddel, sjå på utfordringar og løysingar og samle og formidle informasjon om kulturmiljø og kulturmiljøvern, seier Kate Irene Jellestad Syvertsen, seksjonssjef for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.

I planarbeidet blir det lagt vekt på involvering og medverking frå sentrale aktørar. Det er oppretta ei politisk styringsgruppe og ei prosjektgruppe. Hausten 2020 blei det arrangert to innspelsverkstader som gav grunnlag for vidare arbeid.

Denne planen skal vere ein plan for heile Rogaland, og blir laga på vegne av innbyggarane i fylket. Vi ønskjer å legge til rette for at kulturmiljø kan vere ein positiv ressurs lokalt og regionalt og bidra til å få gode ting til å skje, seier Asle Rafdal, leiar for styringsgruppa.

Høyringsfrist 15. april

Planprogrammet blir sendt på høyring, og alle kan sende inn høyringssvar. Fylkeskommunen vil gjerne ha innspel til sjølve planprogrammet, og det er og mogleg å gje innspel til vidare arbeid.  Vi ønskjer spesielt tilbakemeldingar og høyringssvar frå kommunar, museum, organisasjonar og andre som driv med bevaring og utvikling av kulturmiljø. I høyringsperioden ynskjer fylkeskommunen å vere i kontakt med viktige aktørar på feltet. Det blir arrangert eit ope digitalt informasjonsmøte med moglegheit å stille spørsmål og vite meir om planarbeidet. I tillegg vil fylkeskommunen arrangere fem høyringsmøte. På grunn av smitteomsyn vil desse vere digitale via teams.

Høyringsfristen er 15. april 2021.

Meir informasjon om høyringa og oversikt digitale informasjons- og høyringsmøte

Fem tema for vidare arbeid

Kulturmiljøvern er vidt. Ein viktig del av planprogramarbeidet er å avgrense og konkretisere vidare arbeid og innhald i endeleg plan. Det er difor foreslått fem overordna tema for vidare planarbeid i planprogrammet. 

Desse fem temaa vil vere grunnlag for vidare arbeid fram mot endeleg plan. I endeleg plan vil det vere skildring, mål og tiltak, nokre meir overordna og andre meir konkrete.

Styrka bygningsvern

Planarbeidet skal til dømes undersøke moglegheiter for styrking av rådgjevingstenester for bygningsvern i Rogaland.

Bygningsvernet er ein stor del av kulturmiljøvernet, og i mange fylker er det eigne bygningsvernsentre eller bygningsvernrådgjevarar. Det er ikkje det i Rogaland i dag. I Agder er det til dømes bygningsvernsenter i Flekkefjord, Setesdal og Risør, medan det i Hordaland er bygningsvernrådgjevarar knyta til musea. Eit betre bygningsvernrådgivingstilbod kan vere det eigarar av eldre hus treng for å få nødvendige råd og hjelp til å ta vare på bygga sine. Eit slikt tilbod kan òg vere ein kunnskapsbank for framtida. I planarbeidet ønskjer fylkeskommunen å undersøke behovet og vurdere korleis det best kan innrettast organiserast og støtta.

Til toppen