4,4 millionar til frivillige organisasjonar - Rogaland fylkeskommune

4,4 millionar til frivillige organisasjonar

Klikk for stort bilde 4H Rogaland 4H Rogaland er ein av dei 39 frivillige organisasjonane i Rogaland som får totalt 4,4 millionar kroner til fordeling. 

Rogaland fylkeskommune fordeler kvart år tilskot til frivillige regionale organisasjonar innan det kulturpolitiske området i Rogaland. Tilskota skal verke til å gje organisasjonslivet i Rogaland gode og føreseielege vilkår. Det frivillige organisasjonslivet skal vere tilgjengeleg for alle, vere prega av mangfald og kunne arbeide fritt og sjølvstendig.

Ordninga vart lagt om og vesentleg forenkla i 2019, og årets tildeling er den andre etter dei nye retningslinene. Med dei nye retningslinene, vert det slått fast at organisasjonane sjølve bestemmer kva dei skal drive med da dette er frie midlar. Alle organisasjonar som er kvalifisert til støtte får det etter objektive kriteria utan nokon vurdering av formål eller type aktivitet.  

Regional-, kultur og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune har vedteke følgende fordeling: 

Tilskudd frivillige organisasjoner 2021
Organisasjon Tilskudd 2021
4H Rogaland 163 441
DNT Edru livsstil Rogaland distrikt  33 457
Drama- og teaterpedagogene i Rogaland  18 486
Dyrebeskyttelsen Norge Nord-Jæren   34 577
Frelsesarmeen avd. Vestre divisjon, avd FABU   65 984
Hageselskapet Rogaland   89 670
Haugaland KRUK-KFUM-speidarar  84 007
Haugesund Turistforening  197 827
Indremisjonsforbundet i Rogaland   150 272
Islandsk-Norsk forening for Sør-Rogaland og Ryfylke  29 199
Karmsund mållag   3 518
Kvinnegruppa Ottar   19 740
LOP, Landsforbundet for offentlige pensjonister, lokallaget Sandnes og Jæren   25 843
Naturvernforbundet i Rogaland  71 211
Norges jeger og fiskerforbund, Rogaland   143 899
Normisjon region Rogaland   318 064
Norsk Luthersk Misjonssamband, avd region sørvest   436 987
Norske Kvinners Sanitetsforening Rogaland fylke  108 255
Rogaland Bedriftskunstforeningsråd   70 812
Rogaland Bygdekvinnelag   82 397
Rogaland Bygdeungdomslag   78 006
Rogaland Fylkeskunstlag   28 191
Rogaland Fylkeskystlag  53 625
Rogaland Historielag   109 423
Rogaland Husflidlag   90 700
Rogaland KFUK-KFUM-speidere   158 267
Rogaland Røde Kors med Flekkefjord by   248 381
Rogaland Skyttersamlag   122 412
Rogaland Teaterråd   40 543
Rogaland Ungdomslag   56 787
Rutebilhistorisk forening avdeling Rogaland   19 387
SAFFRO Samarbeidsutvalget for folkedans i Rogaland   34 283
Skogselskapet i Rogaland   27 071
Speidernes beredskapsgruppe Sør-Vest   79 204
Stavanger Turistforening 500 000
Søndagsskolen Karmsund-Sunnhordland   60 390
Søndagsskolen Rogaland krets   249 776
Vesterlen krets av Norges Speiderforbund  187 822
Vestlandet Baptist ungdom   73 529
WarpCrew 34 558
4 400 000

41 organisasjonar søkte om tilskot. Tilskota vert fordelt mellom dei kvalifiserte søkjarane ut frå talet på medlemmar under 26 år, talet på lokallag og driftsutgiftene siste år.

Søknadsfrist er 1. desember kvart år. 

Informasjon om tilskotsordninga

Til toppen