Formålet med planen
Regionalplanen gjev ein oversikt over viktig kulturarv og kulturmiljø i Rogaland, og mål og føringar for regional kulturmiljøpolitikk.
Regionalplan for kulturmiljø skal vera eit styringsdokument for Rogaland fylkeskommune og kommunane i arbeidet med utvikling og forvaltning av kulturmiljø. Samstundes skal den syna korleis fylkeskommunen skal legga til rette for at andre aktørar som til dømes frivillige organisasjonar, museum og næringsliv kan bidra til å bevara, bruka og utvikla kulturmiljø.
Planforslaget på høyring
Alle desse delane er på høyring, og ein kan gje uttale til kvar del.
Dokumenta er laga for å lesast i nettlesar, men er og tilgjengelege som utskriftsvenleg pdf.
Fylkeskommunen kan hjelpa til med å laga dokumenter/uttrekk av oversikta over kulturmiljø som samanfattar alle kulturmiljøa i ein kommune eller eit område.
Kva ynskjer fylkeskommunen uttale til?
Vi ynskjer særleg tilbakemelding på i kva grad regionalplanen treffer dei regionale og lokale utfordringane og moglegheitene i Rogaland. Dette gjeld både mål, strategiar og tiltak, oversikten over kulturmiljø og føringane i planen for forvaltning av kulturmiljø.
Gir planen med vedlegg totalt sett eit godt oversyn over viktige kulturmiljø i Rogaland? Bidrar den med gode rammer og føringar for fylkeskommunen, kommunane og andre aktørar som vil bevare og utvikle kulturmiljø? Er det manglar eller andre behov?
Fylkeskommunen ynskjer særleg innspel frå kommunane, musea, statlege og regionale aktørar, regionale frivillige organisasjonar og ulike interesseorganisasjonar.
Frist for høyringsinnspel
Høyringa er ferdig, og var fram til 15. februar 2023. Uttale til planen kan bli sendt til: firmapost@rogfk.no, merk emnefeltet med: «Regionalplan for kulturmiljø – høyring».
Program for høyringsperioden
Rogaland fylkeskommune går ut med to viktige høyringar samtidig:
Høyringsmøte for dei to planane vart samkøyrde.
Klikk på møtedato og stad for program.
Meir om planarbeidet
Du finn meir informasjon om planarbeidet på plansida for Regionalplan for kulturmiljø.