Stenger Vika bru 11. april for å sette inn mellombels bru

11. april til 4. mai stenger Rogaland fylkeskommune Vika bru på fylkesveg 4678 i Hjelmeland kommune. Brua skal bytast ut med ei mellombels bru.

vegbane kor ein liten del er bru over ei elv - Klikk for stort bildeVika bru

Ein inspeksjon i slutten av 2022 avdekte skadar på brua, og fylkeskommunen fjernar no brua før han blir utrygg å køyre på. Den mellombelse brua er meir solid enn brua som står no. Det er ikkje klart når ny og permanent bru kjem.

– Vi har forståing for at dette kan by på utfordringar for bilistar som køyrer over Vika bru, og vi prøver så godt vi kan å bli ferdig før 4. mai, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune John-Olav Kirkengen.

Må delast opp

Det er krevjande å fjerne den gamle brua som blei bygd i 1966. Brua må splittast i tre delar og bli fjerna med kran. Massane som ligg inntil brua skal skiftes ut og ei mellombels bru skal på plass.

Eit kart som viser kor Vika bru er mellom Hjelmeland og Randøy bru. - Klikk for stort bildeVika bru er merka på kartet med ein raud prikk.