Egersund bru stenger i tre timar torsdag 26. januar

Rogaland fylkeskommune stenger Egersund bru torsdag 26. januar frå klokka 09.00–12.00. Brua blir heilt stengt i denne perioden.

vegbanen og rekkverka over Egersund bru - Klikk for stort bildeEgersund bru skal få nytt rekkverk

Årsaka er at rekkverket på brua er i for dårleg stand, og eit mellombels rekkverk skal settast ut.

– Det blir ikkje nokon innsnevringar i vegbanen då rekkverket blir plassert på betongkantane som er plassert i ytterkanten av brua. Fylkeskommunen er i gang med å lage nytt rekkverk, men det er uvisst kor lenge det mellombels rekkverket må stå, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune John-Olav Kirkengen.

Skilt om omkjøring blir satt opp.

hele brua som kryssar toglinjer. egersund stasjon ligg bak brua. - Klikk for stort bildeEgersund bru