Grafisk profil og logo

Rogaland fylkeskommune skal vere ein imøtekommande, moderne og framoverlent samfunnsbyggjar. Vi er ein sentral samfunnsaktør som innbyggjarar i Rogaland møter gjennom tenestene vi leverer. Vår visuelle identitet er ein viktig del av ansiktet vårt overfor omverda.

Identiteten skal vere tydeleg på alle våre trykte og digitale flater og det er viktig at vi står fram på ein heilskapleg måte.

Rogaland fylkeskommune sin profilmanual beskriv bruk av logo, fargar, typografi, grafikk og bilde, og inneheld grafiske designelement.

Digital profilmanual – visuell profil

Bruken av designmanualen byggjer på universell utforming, og den grafiske profilen skal gi rom for fleksibilitet innanfor klare felles rammer.

Grafiske designarar, trykkeri, fotografar og andre som lager grafisk materiell for Rogaland fylkeskommune skal bruke den grafiske profilen.

Treng du tilgang til anna materiell eller malar som er passordbeskyttet? Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på e-post: kommunikasjon@rogfk.no

Logo

Du kan laste ned logo i format og utformingar i profilmanualen eller direkte i lista under. I dei fleste tilfella bør du bruke liggjande hovudlogo.

Til toppen