Opplæringsavdelinga

Arbeidsoppgåver

  • vidaregåande opplæring ved 27 vidaregåande skolar
  • opplæring ved to skolesenter for barn, unge og vaksne i sosiale og medisinske institusjonar
  • fag- og yrkesopplæring i bedrift for lærlingar og lærekandidatar
  • vidaregåande opplæring for vaksne, inklusiv vurdering av realkompetanse og praksis for vaksne
  • pedagogisk-psykologisk teneste

Måla for avdelinga er:

  • å ha eit opplæringstilbod av høg kvalitet, tilpassa alle mellom 16 og 21 år
  • å ha eit opplæringstilbod i tråd med behov i regionen og etterspørsel frå næringslivet
  • å vere det leiande fylket i landet innan fagopplæring 
  • å ha eit relevant vidaregåande opplæringstilbod for vaksne, i tråd med intensjonane i kompetansereforma
  • å vere det leiande fylket i landet i underveisvurdering av elevar, lærlingar og lærekandidatar
Til toppen