Slik ser vegen over Saudafjellet ut no. Foto: Solveig Margrethe Myge
Vegane har vore vinterstengt sidan november i fjor. Fylkesveg 450 Suleskardveien blir ikkje brøyta før etter 12. mai og opningsdato for denne vegen er ikkje klar.
– Torsdag formiddag var det om lag 2,5 km igjen av Lysevegen å fresa/brøyta. Planen er å bruka måndagen til å reingjera vegbanen over fjellet og kaiområdet i Lysebotn, seier byggeleiar i Agder fylkeskommune Per Magne Hindersland.
Dermed kan trafikantane ta i bruk den populære vegen mellom Agder og Rogaland frå tysdag. Turistvegen er ein mykje brukt veg i sommarsesongen, men er altså stengt kvar vinter.
Les meir om opninga av denne vegen på Agder fylkeskommune sine nettsider
Saudafjellet
Saudafjellet blir opna fredag 12. mai klokka 14.00.
– Geologen vår har no godkjent at vegen er trygg å køyre på, og då opnar vi med ein gong, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune Solveig Margrethe Myge