Elvegata er stengt foran Essostasjonen. Nå blir han stengt fram til midten av juni.
‒ Planen var å opne vegen etter to veker, og jobbe vidare med delvis stengt veg. Nå ser vi at vi kan bli ferdige før planen viss vi held vegen heilt stengt, fortel Martin Braathen Granhaug, byggeleiar i Rogaland fylkeskommune.
Arbeidet skulle vere ferdig i slutten av juli. Nå kan alt vere klart før ferien. Vegen blir likevel open den 18. juni, slik at triatlon-arrangementet Ironman går som planlagt.
Betre for dei som syklar
Hensikta med arbeidet er å gjere vegen meir trafikksikker og legge betre tilrette for sykkel. Sykkelfelta blir utvida, det blir nytt fortau og nye, intensivlys ved fotgjengarkryssinga.
Strekninga blir etter kvart ein del av ei samanhengande sykkelrute mellom sentrum og Oalsgata.
Lange arbeidsdagar
Det er Risa AS som utfører arbeidet. Entreprenøren ser for seg ei arbeidstid frå klokka 07.00 til 20.00, men enkelte dagar blir det også arbeid mellom 06.00 og 22.00, i tillegg til arbeid på laurdagar.
Omkøyring er skilta via Vågsgjerdsveien, Gravarsveien, Høylandsgata og St. Olavsgate til sentrum.
Les gjerne meir om arbeidet i denne lenka: Betre for deg som går og syklar i Elvegata.