Bygger to nye gong- og sykkelvegar i Sauda

I midten av juni begynner vi å bygge to nye gong- og sykkelvegar frå Saudasjøen til Sauda sentrum, og mellom Neselv bru – Nestunnelen. Prosjekta vil gi samanhengande gong- og sykkelveg mellom Saudasjøen og Sauda sentrum.

Dronebilde fra luften og ned til strandlinjen ved Saudasjøen der gang og sykkelveien skal bygges - Klikk for stort bildeDronebilde Saudafjorden

– Vi startar gravearbeidet omtrent samtidig i prosjekta, og begge gong- og sykkelvegane blir ferdige i 2024. Neselv bru – Nestunnelen i løpet av våren og Saudasjøen – sentrum på hausten. Vi og entreprenørane AS Forskaling og Sigurd M Søvik AS er oppteken av at det skal vere trygg skoleveg gjennom anleggsfasen, seier prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune Kristoffer Aardal Teigland.

 

Gong- og sykkelveg frå Saudasjøen til Sauda sentrum

No lagar vi 750 meter gong- og sykkelveg langs fylkesveg 520 frå Treaskjæret og inn mot Sauda sentrum. Fylkesvegen flyttar vi nærare sjøen over ei strekning på omtrent 250 meter, for å gi plass til gong- og sykkelveg og betre forma kryss til Strandavegen. Ei busslomme blir flytta innanfor planområdet, for å gi betre sikt i eit kryssområde. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Sauda kommune som skal bygge ut omfattande infrastruktur i bakken. Entreprenør er AS Forskaling.

Dette blir bygd:

  • gong- og sykkelveg omtrent 750 meter
  • gatelys, 21 punkt
  • høgspentkabel for Fagne AS
  • fiber for Haugaland Kraft Fiber AS
  • legg om omtrent 250 meter av fylkesvegen
  • vann- og avløpsanlegg Sauda kommune
byggetegning - Klikk for stort bildePlanteikning som viser gong- og sykkelvegen vi skal bygge mellom Saudasjøen og Sauda sentrum.

Gong- og sykkelveg mellom Neselv bru – Nestunnelen

Vi bygger ny gong- og sykkelveg på 180 meter frå Neselv bru til Nestunnelen, oppgraderer busslommer og flyttar Grønsdalskrysset for å oppnå tilstrekkeleg stoppsikt til Nestunnelen. Sauda kommune er samarbeidspartnar og skal utbetre Amdalsvegen og vegen til Grønsdal. Entreprenør er Sigurd M. Søvik AS.

plantegning hvor ny gong- og sykkelveg er tegna opp. - Klikk for stort bildePlantegning som viser ny gong- og sykkelveg mellom Neselv bru og Nestunnelen.