Utfordrar krav til oppgradering av tunnelar

Midlane som er sett av til oppgradering av tunnelar står ikkje i stil med sikkerheitskrava som skal oppfyllast. Dei tre fylkesordførarane i Vestlandsrådet ber om at regelverket blir utfordra.

Illustrasjonsfoto av veiarbeid utenfor tunnel. - Klikk for stort bildeDei tre vestlandsfylka er avhengige av fleire statlege overføringar for å kunne fullføre krava staten har pålagt dei.

– Samferdsledepartementet må sjå på om det er mogleg å redusere krava i tunnelane på fylkesvegnettet, samtidig som ein opprettheld eit minimumsnivå for trafikksikkerheit og framkomst, seier dei.

EU-direktiv frå 2015

Alle dei tre fylka er avhengige av ytterlegare statlege overføringar for å kunne fullføre dei noverande krava som staten har pålagt fylkeskommunane.

Krava dei siktar til er basert på eit EU-direktiv, og trådde i kraft i 2015. Dei gjeld for fylkeskommunale tunnelar som er lengre enn 500 meter, og der det i snitt køyrer meir enn 300 bilar per døgn.

Då forskrifta blei vedteken, blei det sett frist om at tunnelane skulle bli utbetra før 2020. Dette blei så forlenga til før 2025.

– Svært utfordrande

Fleire fylkeskommunar har sagt frå om at det er svært utfordrande å komme i mål innan 2025. Hovudårsaka er at oppgraderingsprosjekta er meir omfattande og dyrare enn det Statens vegvesen la til grunn, utan at dette er tilstrekkeleg kompensert. 

– Kostnadene med å oppfylle krava er langt høgare enn dei midlane som er tildelte. Trass i at vi alle har lagt inn vesentlege eigne midlar, seier dei tre fylkesordførarane. 

Dei legg til at viss dei strenge statlege krava til sikring blir oppretthaldne, er alternativa enten å utsetje oppgradering, eller at denne går utover andre viktige vedlikehalds- og sikringstiltak.

Blir teke opp igjen

Vestlandsrådet behandla saka om tunellsikkerheit på fylkesvegnettet i desember. Temaet blir teke opp igjen i møte 7. februar.

Det er også sendt ein uttale til Samferdsledepartementet frå Vestlandsrådet i saka.

Kontaktpersonar

Til toppen