Trekkjer seg frå å bli ny fylkesdirektør

Ole Bernt Thorbjørnsen var innstilt til å bli ny fylkesdirektør for Rogaland fylkeskommune. Onsdag blei innstillingsrådet informert om at han har trekt søknaden sin.

Ole Bernt Thorbjørnsen - Klikk for stort bildeOle Bernt Thorbjørnsen TV-Aksjonen Rogaland

Thorbjørnsen oppgir at han «etter ei heilskapsvurdering ønsker å bli verande i den noverande stillinga si» som årsak til at han trekkjer seg.

– Det er sjølvsagt synd når slikt skjer på oppløpssida i ei sak. Men sånn er det av og til, og det må vi akseptere. Heldigvis var det fleire gode søkarar til fylkesdirektørstillinga, og vi har godt håp om at dette skal løyse seg på ein utmerkte måte likevel, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Ho leiar innstillingsrådet som har hatt ansvar for tilsettingsprosessen. Foreløpig kan ho ikkje seie så mykje om kva som skjer vidare.

– Vi skal ha eit møte i innstillingsrådet i morgon, torsdag. Då vil vi diskutere korleis vi skal handtere denne prosessen vidare, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Kontaktperson for media:

Fylkesordførar Marianne Chesak, leiar av innstillingsrådet, mobil 905 69 001