Tilbyr Bjelland AS kontrakt for å bygge tilkomstveg til det nye sjukehuset

Frå Madlaveien nedst i biletet blir det anleggsarbeid når ny tilkomstveg til sjukehuset skal byggast. Lys rosa syner gang- og sykkelveg. Nye SUS skal stå ferdig i 2024. Rogaland fylkeskommune har ansvar for å bygge og fornye vegen inn til sjukehuset frå Kristine Bonnevies vei.

I prosjektet må entreprenøren utvide Kristine Bonnevies veg og Richard Johnsens gate, som går gjennom Kunnskapsparken I tillegg blir vegen betre for dei som går og syklar.

To andre tilbydarar, Nordbø Maskin AS og Risa AS, var også med i konkurransen. Dei har ti dagars klagefrist (karensperiode) frå 3. mai. Fylkeskommunen skriv ikkje kontrakt før denne perioden er over.

– Dette er et viktig prosjekt, og vi ser fram til å komme i gang med bygginga, seier prosjektleiar Even Vike i Rogaland fylkeskommune.

Konkurransen blei evaluert ut ifrå vekting, der pris aleine ikkje var avgjerande.

– Vi har mellom anna sett på korleis entreprenøren ville organisere og gjennomføre prosjektet, planar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø, framdriftsplan med vidare, forklarer prosjektleiaren.

Bjelland AS hadde den lågaste tilbodssummen, på 114,5 millionar kroner.

Litt av det som blir bygt

  • 1100 meter sykkelveg med fortau med kantsteinskille 
    • sykkelveg med fortau i kulvert Madlaveien
    • sykkelveg med fortau i kulvert under den nye tilkomstvegen
    • sykkelveg med fortau til eksisterande kulvert i Kristine Bonnevies vei
  • ny busslomme i Madlavegen (busslommer i Kristine Bonnevies vei blir fjerna)
  • to køyrefelt i retning nord mellom rundkøyring Madlaveien og ny tilkomstveg
  • venstresvingefelt i Kristine Bonnevies veg i krysset med den nye tilkomstvegen
  • signalregulering i Kristine Bonnevies veg, i krysset ny adkomstveg SUS
Til toppen