Stangeland bygger første del av Bussveien i Sandnes sentrum

Snart starter arbeidet med Bussveien over Olav V's plass i Sandnes.Rogaland fylkeskommune gir Stangeland Maskin AS jobben med å bygge Bussveien mellom Strandgata og Elvegata i Sandnes.

Stangeland Maskin AS hadde det beste tilbodet på å bygge Bussveien på den kilometerlange strekninga mellom Jernbaneveien og Elvegata i Sandnes.

Entreprenøren bygger strekninga for i overkant av 98 millionar kroner, ekskludert moms.

– Vi har valt Stangeland basert på kvalitet og pris, er glade for å ha entreprenøren med oss på laget. Vi har gode erfaringar med Stangeland allereie, seier Harald Bøhn, leiar for Bussveien i Rogaland fylkeskommune.

Stangeland er godt i gang med å bygge bussvegstrekninga mellom Diagonalen og Gausel stasjon, som blir ferdig til våren.

Viktig bussveg for Sandnes sentrum

Jernbanevegen-Olav V’s gate-Elvegata er ein av totalt fire delstrekningar i reguleringsplanen for Bussveien mellom Kvadrat og Ruten i Sandnes, og går frå Strandgata ved Tollbugata, via Jernbaneveien, over Olav V’s plass, og vidare inn i Elvegata fram til rundkøyringa ved Julie Eges gate.

– Vi er klare for å få Bussveien til Sandnes. Dette er ei vidareutvikling av sentrum som vi har venta på, seier ordførar Stanley Wirak.

Det er sjefen for Bussveien einig i.

– Bussveien i Sandnes sentrum er ei viktig brikke i å få ein samangengande bussveg mellom Stavanger og Sandnes. Med denne strekninga er vi også eit steg nærmare å oppnå dei politiske ønska om god, saumlaus flyt i kollektivtrafikken på korridor 1. Det er på denne strekninga vi har desidert flest passasjerar, seier Bøhn.

Kontraktsignering

Entreprenørane som ikkje blei valt, har ti dagars klagefrist (karensperiode). Fristen går ut 8. september, og fylkeskommunen ventar difor med å skrive kontrakt med valt entreprenør til etter at karensperioden er over.

Forlenger Rutenparken

Bussveien gjennom Sandnes sentrum blir bygt som ei kollektivgate, utan felt for bilar på sidene. På Olav V’s plass bygger vi eit cirka 5 700 kvadratmeter stort torg med granittdekke, og forlenger Rutenparken. Mellom Langgata og Havneparken oppgraderer vi og bygger nytt krysningspunkt. To busstasjonar i kvar retning kjem også på plass.

Arbeidet startar i september, og skal vere ferdig sommaren 2024.

Blinken

For at Blinkfestivalen 2023 skal kunne gjennomførast, koordinerer fylkeskommunen bussveg-utbygginga med festivalen. Vi startar med arbeid i sentrumsgatene før vi begynner med etappe to av prosjektet, frå Jernbaneveien mot Havneparken og Tollbugata.

Meir informasjon

Bussvegen er det største prosjektet i Bymiljøpakken. Følg gjerne Bussveien på Facebook, eller les om Bussveien på Rogaland fylkeskommune sine nettsider, rogfk.no.

Til toppen