Utdanningsprisen i Helse Vest 2020 går til portørseksjonen i avdeling for sikkerhet og service, divisjon for driftsservice på Stavanger universitetssjukehus (SUS) og seksjon for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune.
Dei får prisen for å ha etablert ein god yrkesfagleg praksisarena for portørfaget, gjennom eit strukturert og godt samarbeid mellom sjukehus og vidaregåande skule.
Prisen er på 100.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk og Leif Moen mottok prisen, på vegne av Stavanger universitetssjukehus og Rogaland fylkeskommune, frå styreleiar i Helse Vest, Einar Strømsvåg.
Allsidig yrke
Opplæringsansvarleg Leif Moen er ein av dei som i ei årrekkje har arbeidd for å løfte portørfaget. Då han starta i 1999 fekk nye portørar fem dagar med opplæring.
I 2015 vedtok Utdanningsdirektoratet portørfaget som nytt lærefag, og i dag består utdanninga av to år på vidaregåande skule og læretid. I år samarbeider SUS og Bergeland vgs om eit prøveprosjekt med eit tredje år på skule i staden for læretid.
Moen fekk Årets hederspris 2016 frå Rogaland fylkeskommune for innsatsen og arbeidet for å fremje portørfaget.
Portørar på sjukeheim
Portørar har vanlegvis vore å finne på sjukehus, men eit prosjekt testar no ut portørar på sjukeheim. I samarbeid med Bergeland vidaregåande skule og Stavanger kommune er det oppretta eit prosjekt der lærlingar frå sjukehuset og vg2-elevar på Bergeland i ei portørgruppe ved Lervig sykehjem.
– Dei følgjer mellom anna pasientar til tannlege og sjukehus, reier opp senger og sorterer avfall og tøy. Vi håpar kommunen ser verdien av portørar, og vi får vist at det har blitt eit fag, seier Moen.
Ein glad vinnar, Leif Moen, på vegner av portørseksjonen ved Stavanger universitetssjukehus. og Rogaland fylkeskommune.
Kjetil Alsvik
Gratulerer!