Pilt-Ola pris til tomatgartnar - Rogaland fylkeskommune

Pilt-Ola pris til tomatgartnar

Klikk for stort bildeTomatgartnar Jan Terje Vignes frå Finnøy og fylkesordførar Marianne Chesak.Han tenkjer stort og kan ti-gongen. 3 000 kvadratmeter drivhus er blitt til 30 000 kvadratmeter. Tomatgartnar Jan Terje Vignes frå Finnøy er tildelt den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen.

Fylkesordførar Marianne Chesak delte naturlegvis ut prisen i veksthuset til Jan Terje Vignes heime på Lauvsnes.

– Årets vinnar er ein ekte Pilt-Ola! 

Slik innleia fylkesordføraren då Pilt-Ola prisen 2020 blei tildelt den 39 år gamle gartnaren på Finnøy. Jan Terje Vignes har produsert tomatar sidan han var 18 år.

Løftar ein heil bransje

– Jan Terje vil at folk skal få god og sunn mat. Han løftar ein heil bransje. Han er ein samfunnsbyggjar, og han har møtt kongen. Ikkje som Pilt-Ola med en reinsdyrflokk over fjellet. Men, i Lauvsnes Gartneri, heime på Finnøy i Ryfylke, sa Marianne Chesak og la til:
– Verksemda ligg langt framme med omsyn til energiøkonomisering og er først i landet med miljøvenleg pakking.

Som Pilt-Ola sjølv fekk erfara i si tid, har også dagens vinnar møtt motbakkar og utfordringar. Men, han har funne løysingar og går vidare – med erfaringar og med ei begeistring som smittar og som løftar heile tomatbransjen.
– Med sitt virke løftar Jan Terje heile Ryfylke som matprodusent inn i framtida; til glede for Ryfylke, for regionen, ja for heile landet, avrunda fylkesordføraren før ho delte ut Pilt-Ola statuetten til ein rørt prisvinnar Jan Terje Vignes.

Kvifor ein pris i Pilt-Ola sitt namn?

Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Klikk for stort bildeJan Terje Vignes Norge etter 1814. Han arbeidde heile livet med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidrege til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og andre, allmenne tiltak.

Fjerde tildeling

Juryen har bestått av fylkesordførar Marianne Chesak, Magnhild Meltveit Kleppa, Audun Rake, Geir Ims og Eirik Moe. Prisen er ein Pilt-Ola statuett som i si tid blei utforma av Svein Håvarstein.

Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei foreining med over 160 offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke. Det er fjerde gongen prisen blir delt ut. Prisen blei gjeven til Jon Arne Helgøy i 2017, til Bjørn Moe i 2018 og i fjor var det Magnhild Meltveit kleppa som fekk Pilt-Ola prisen.

Les mer om Pilt-Ola prisen  

Til toppen