Overtaking av fylkesvegane frå 1. januar 2020

Lastebil kjører på fylkesveg med vegarbeid - Klikk for stort bildeFrå 1. januar 2020 tek fylkeskommunane over totalansvaret for fylkesvegane. Rogaland fylkeskommune skal då stå for mellom anna bygging og drift av 2 500 kilometer fylkesveg.

- Trafikkmeldingar får ein framleis gjennom vegtrafikksentralen. Men om du vil finne informasjon om eller gje beskjed om feil på ein fylkesveg, så er det oss i fylkeskommunen du skal kontakte, seier Astrid Eide, leiar for vegadministrasjonen i Samferdslesavdelinga i Rogaland fylkeskommune.

Historisk samarbeid

Rogaland fylkeskommune skal etter nyttår ha det daglege ansvaret med planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane.  Dette skjer som følgje av regionreforma. Til no har Statens vegvesen gjort dette på oppdrag frå fylkeskommunen som vegeigar.  Fylkeskommunane og Statens vegvesen har sidan 2010 samarbeidd om fylkesvegane i Noreg gjennom ein avtale kalla «Sams vegadministrasjon».

– Statens vegvesen skal enno yte tenester til fylkeskommunen i arbeidet med beredskap og overvaking av vegane gjennom vegtrafikksentralane. Det vil også vere noko samarbeid om driftskontraktar for brøyting og strøing av veg, seier Eivind Stangeland avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Statens vegvesen skal framleis ha ansvar for riks- og europavegnettet, men den regionale inndelinga av Vegvesenet opphøyrer, og blir organisert i divisjonar.

På god veg

Rogaland fylkeskommune har siste året arbeidd med å byggje opp eit solid fagmiljø som skal arbeide med fylkesvegane, med ein hektisk periode fram mot årsskiftet for å sikre at alt kjem på plass til 1. januar. Både Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen har som mål å sikre at overføringa av fylkesvegoppgåvene og tilsette skjer slik at det ikkje blir merkbart for trafikantane.

– Vi vil halde fram med å utvikle og drifte fylkesvegane på best mogleg måte, seier samferdselssjef Gottfried Heinzerling i Rogaland fylkeskommune.

Statens vegvesen vil gjennom vegtrafikksentralane framleis ha ansvaret for å overvake vegnettet vårt. Det vil også vere noko samarbeid mellom Vegvesenet og fylkeskommunen om drift, vedlikehald og beredskap.

Fakta om fylkesvegnettet

  • Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv.
  • Det er 2 500 km med fylkesveg i Rogaland.
  • I 2018 brukte Rogaland fylkeskommune til saman 1,05 milliardar kroner på investeringar knytt til fylkesvegnettet.
  • Rogaland fylkeskommunane forvalta i 2018 omkring 0,74 milliardar kroner til drift, vedlikehald og ferjedrift på fylkesvegnettet.

Kontaktpersonar: 

Astrid Eide, leiar for vegadministrasjonen i samferdsleavdelinga i Rogaland fylkeskommune, mobil: 901 31 516

Eivind Stangeland, avdelingsdirektør vegavdeling Rogaland, Statens vegvesen, mobil: 918 89 149.