Ny tilskotsordning for kulturelle og kreative næringar

Inghild VangloTilskotsordninga for kulturelle og kreative næringar i Rogaland har no blitt overført frå Kulturrådet til fylkeskommunen. Den økonomiske ramma er ein dryg million kroner og første søknadsfrist er 15. august.

I forbindelse med statsbudsjettet for 2021 blei det vedtatt å overføre Kulturrådets tilskotsordning for regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar til fylkeskommunane. Denne overføringa blir sett òg i samanheng med regionreforma.

Den økonomiske ramma for ordninga er 1 035 000 kroner.

Heilskapleg politikk

– Eg synest det er svært positivt at desse midla no er overført frå Kulturrådet. For Rogaland fylkeskommune er dette eit godt utgangspunkt i arbeidet med å bygge opp ein heilskapleg politikk retta mot kulturelle og kreative næringar i Rogaland. No håper vi på mange søknader frå heile fylket, seier Inghild Langlo, leiar av Regional-, kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Skal styrke bransjestrukturar

Fylkestinget vedtok i juni at Kulturrådets retningslinjer blir vidareført med ei tilpassing til fylkeskommunen sitt ansvarsområde innan kulturfeltet: Musikk, litteratur, visuell kunst, scenekunst, film og spel. Søknadsfristen for 2021 er 15. august, men kommande år vil fast søknadsfrist vere 15. januar.

Ordninga skal bidra til å utvikle og styrke regionale bransjestrukturar innan kulturell og kreativ næring i Rogaland. Ordninga skal bidra til å styrke kunst- og kultursektoren si økonomiske berekrefter, og skal dekke utgifter knytte til tiltak som styrker kunnskapen om kultur som næring og kompetansen om entreprenørskap og forretningsdrift i Rogaland.

Skal vere regionalt

Målgruppa er regionale kompetansesenter, organisasjonar, nettverk og andre bransjebyggende aktørar med regionalt nedslagsfelt innan kulturell og kreativ næring i Rogaland. Søker sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Rogaland.

Bransjebyggende aktørar innan visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, film og spel kan søke på ordninga. Det blir oppfordra til samarbeid på tvers av kulturfelt.

Retningslinjer for tilskotsordninga