Ny studie om fråværet av cruiseturistar - Rogaland fylkeskommune

Ny studie om fråværet av cruiseturistar

Klikk for stort bilde Visit Region Stavanger/Lene Lunde  Vestlandsforsking ynskjer å finne ut korleis innbyggarane i byar og bygder har opplevd fråværet av cruiseturistar. No kan du seie meininga di om cruiseturisme!

På Vestlandet har sommaren 2020 vore prega av koronapandemien, og mange turiststader har vore heilt utan cruiseturistar. No ynskjer Vestlandsforsking å finne ut korleis innbyggarane i byar og bygder har opplevd fråværet av cruiseturistar.

Forskarane ønskjer å vite korleis innbyggjarane i cruisehamner på Vestlandet har opplevd sommaren. Dette gjeld folk i Ålesund, Geiranger, Hellesylt, Nordfjordeid, Olden, Flåm, Bergen, Eidfjord, Haugesund og Stavanger.

Delta i spørjeundersøkinga 

Undersøkinga er del av eit forskingsprosjekt der målet er å kartlegge følgjene av ein sommar utan cruiseturistar. Forskarane ser både på økonomi og miljø, i tillegg til å kartlegge korleis innbyggjarar i cruisedestinasjonane har opplevd fråværet av cruiseturistar. Spørjeundersøkinga pågår fram til 15. september.

Svara vi kjem fram til i denne delen av studien, vil vere viktige for cruisedestinasjonar som må tilpasse seg korona-pandemien på kort og kanskje lang sikt. Studien er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Finansieringa kjem frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet.  

Til toppen