Ny krisepakke for frivilligheita - Rogaland fylkeskommune

Ny krisepakke for frivilligheita

Klikk for stort bildeEin ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Søknadsfristen er 15. september.

Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19- utbrotet.

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.

Søknadsfristen er 15. september

 

Det kan søkast om: 

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet i perioden.

Denne ordninga har lengre tidsrom og dekker fleire tap av inntekter enn krisepakke 1, som kompenserte for tapte billettinntekter, deltakaravgifter og meirutgifter i perioden 5. mars til 31. april.

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.

Til toppen