Nærmar seg gang- og sykkelveg mellom Ølberg og Vigdel  

Denne vegen skal bli tryggare for dei som går og syklar.Rogaland fylkeskommune har lyst ut prosjektet Ølberg–Vigdel på anbod. Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken og omfattar to og ein halv kilometer gang- og sykkelveg i Sola kommune.  

Den nye gang- og sykkelvegen kjem nokre kilometer sørvest for Sola sentrum, og er ein viktig skoleveg for barn som bur på Vigdel og Ølberg.  

– Med dette prosjektet blir det lettare og tryggare for dei som går og sykler mellom Ølberg og Vigdel. Med denne gang- og sykkelvegen får dei mjuke trafikantane samanhengande gang- og sykkelveg mellom Håland skole og Nordsjøvegen, seier Knut Skaar, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune. 

Avtale med 50 grunneigarar 

 Strekninga er cirka to og ein halv kilometer lang, og går langs Vigdelvegen, Ølberg Havneveg og Ølbergvegen. Reguleringsplanen blei vedtatt av Sola kommune våren 2020.  

For å få plass til gang- og sykkelvegen, må delar av vegen flyttast. I tillegg må nokre avkøyrsler fjernast for å gjere sykkelvegen så trafikksikker som mogleg.  

– Vi er sjølvsagt opptatt av å spare areal. Vi har avtalar med 50 grunneigarar. Hos nokre låner vi grunn, medan hos andre blir inngrepa permanente, forklarar prosjektleiaren. 

Oppstart i november 

Utlysinga er ein totalentreprise, der valt entreprenør får ansvar for å prosjektere, altså byggeplanlegge prosjektet før han bygger. 

– Vi arrangerer tilbodskonferanse 6. april. Då får interesserte entreprenørar sjansen til å bli betre kjent med prosjektet, seier Skaar. 

Han ser for seg å signere kontrakt før sommarferien, sånn at anleggsarbeidet kan starte i november. 

Entreprenørar har frist til 31. mai med å levere tilbod. 

 

 

Til toppen