Dei tre konkurransane om drifta i Ryfylke, byøyene og Hommersåk og sambandet til Vassøy overstig alle 100 millionar kroner. Difor måtte fylkestinget godkjenne at Kolumbus lyser ut kontraktane.
Fleirtalet viser til at Stavanger kommune har starta arbeidet med reguleringsplan for fastlandssamband til Vassøy. Av den grunn blir kontrakten lyst ut med opsjon på forlenging (3 + 2 år). Kontrakten blir lyst ut utan krav om nullutslepp og auke i kapasiteten.
Det politiske fleirtalet påpeikar òg at det ikkje er rom for ein stor auke i kostnadane til drift av hurtigbåt- og ferjesamband. Vassøysambandet blir lyst ut utan krav om auke av minimumskapasitet og kortare reisetid.
Kartet viser ny hurtigbåtstruktur i Ryfylke for kvardagar (måndag - torsdag).