Gloppedalsvegen er open – enn så lenge

Fredag 9. desember opna vegen, men kjem det mildvêr blir den stengt igjen.

To menn i knall oransje arbeidsklær går på Gloppedalsvegen med store steinar rundt seg - Klikk for stort bildeStore steinar falt ned på Gloppedalsvegen. Multiconsult

Eit såkalla renskelag har sidan måndag 5. desember jobba med å rydde og sikre fv. 503 etter eit steinsprang. Raset gjekk høgt i terrenget og det tek tid å bli ferdig.

– Det er det kalde vêret som er grunnen til at vegen er opna. Kulden gjer at risikoen for nye ras ikkje er større ved rasløpet enn på andre stadar langs Gloppedalsvegen, seier seksjonssjef for veg og forvaltning sør Eivind Stangeland.

Arbeidet med å sikre rasstaden startar opp igjen når det blir mildvêr. Då blir det òg sett opp nytt autovern.

Det var på formiddagen fredag 2. desember at steinraset gjekk over Gloppedalsvegen ved Bjørketangen i Gjesdal. Ingen personar eller køyretøy var involvert i raset.

Gloppedalsvegen med store steinar på. Høg fjellside til venstre i bildet og fjord til høgre for veien. - Klikk for stort bildeVegen er no open, men vil bli stengd igjen når mildveret kjem Multiconsult Oversiktsbilde frå lufta som viser kor raset traff vegen. - Klikk for stort bilde