Fylkestannhelsesjefen i nasjonalt utval som skal gjennomgå tannhelsefeltet

portrettbilde av Pernille Lysaker - Klikk for stort bildeFylkestannhelsesjef Pernille Lysaker

Regjeringa ønskjer ei gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta med mål om å likestille han med andre helsetenester. No har dei nedsett eit offentleg utval som skal gjennomgå tannhelsefeltet. Fylkestannhelsesjef Pernille Lysaker er med i dette utvalet.

– Eg er stolt over å ha blitt utnemnt som medlem i Tannhelseutvalet, og eg ser fram til å belyse og debattere viktige område som er gitt i mandatet, seier Lysaker.

Utvalet skal gjere ei heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, noko som inkluderer organisering, finansiering og lovverket – inkludert regulering og rettar.

Eit utval frå heile landet

Utvalet har ei samansetning på tvers av ulike institusjonar, kjem frå alle delar av landet og har kompetanse innan samfunnsøkonomi, statistikk, jus, offentleg og privat tannhelseteneste, kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta.

Utvalet har òg med relevant representasjon frå fylkeskommunane og partane i arbeidslivet.

Tannhelseutvalet legg fram si utgreiing (NOU) innan utgangen av juni 2024.

Les meir på regjeringen.no