Fylkesordføraren tok første spadestikk på kollektivtraséen til nye SUS


fylkesordførar som graver - Klikk for stort bildeFylkesordførar Marianne Chesak gravar vekk den første jorda for å gi plass til ny kollektivtraé mellom Jåttå og Ullandhaug.Rogaland fylkeskommune har starta bygging av kollektivtrasé mellom Jåttå og Ullandhaug. Fylkesordførar Marianne Chesak tok onsdag første spadestikk ved Madlavegen. 

– Endeleg har eg tatt første spadestikk for den nye og viktige kollektivtraséen til det nye sjukehuset! sa fylkesordførar Marianne Chesak då ho markerte starten på det store prosjektet onsdag. Traséen er eit rekkefølgekrav til det nye sjukehuset, nye SUS, og skal stå ferdig 31. desember 2024. 

Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken.

Viktig prosjekt

Kollektivtrafikken går i dag saman med biltrafikk på strekninga. Når kollektivtraséen er ferdig, får bussen eit eige felt, parallelt med bilvegen.

– Ved Jåttå koplar vi oss til Bussveien, i andre enden, til kollektivtraséen som går gjennom universitets- og det nye sjukehusområdet. Det er ei viktig strekning for kollektivtrafikken, seier prosjektleiar i fylkeskommunen, Even Vike.

Kollektivtraséen kjem langs Diagonalen og Madlaveien. Langs traséen blir det sykkelveg med fortau. Fortauet går nokre stadar i gater utanfor traséen, mens sykkelvegen følger kollektivtraséen heile vegen. Strekninga er cirka to kilometer.

Påverkar trafikken

Anleggsarbeidet som startar nå, kjem til å påverke trafikken, i eit område der det allereie er mykje anleggsarbeid, både med Bussveien og Sykkelstamvegen. 

– Vi prioriterer trygge løysingar for mjuke trafikantar , og vi skal lage mellombelse gang- og sykkelvegar i anleggsperioden. Vi gjer det vi kan for at ulempene blir så små som mogleg, forklarar prosjektleiaren. 

Dette skal vi bygge

  • parallelført kollektivtrasé på nordsida av dagens køyreveg​
  • sykkelveg med fortau
  • tre haldeplassar med kantstopp​
  • rampar til E39 ved Diagonalen
  • rundkøyring ved Jåttåvegen
  • støyskjermar langs delar av strekninga på austsida, lokale skjermar for nokre eigedomar
  • tilkomstvegar for Vestre Vågedalsveien, Grannesveien med snuplass for buss og ny tilkomst til rideskolen. 

Ortofoto med kart over kollektivtraséen til nye SUS - Klikk for stort bildeKartet viser området der kollektivtraéen kjem. 

Til toppen