Fortset med ToppVolley-avtale

Norges Volleyballforbund Gull-grossistane Anders Mol og Christian Sørum er symbolet på suksessen til ToppVolley Norge og eit resultat ingen kunne klart åleine. No er partnarskapsavtalen fornya og feira saman med dei imponerande resultata.

Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum blei i sommar olympiske meistrar, dei tronar øvst på verdssrankinga og er historias mestvinnande europeiske lag med sine 14 World Tour-gull.

Nyleg blei arrangementet "Frå Sand til gull" gjennomført på ToppVolley Norge for å hylla dei tidlegare TVN-elevane Anders og Christian. På same tid blei fornying av parnarskapsavtalen feira.

Skole med internasjonal målsetning

ToppVolley Norge er eit partnarskap mellom Rogaland fylkeskommune, Norges Volleyballforbund, Sauda kommune, Suldal kommune, og Statkraft.

Eit nasjonalt basert toppidrettstilbod lokalisert på Sand utnyttar lokale fortrinn innovativt, stimulerer verdiskaping i Indre Ryfylke, utviklar og gir særpreg til ein distriktsskole.

– Dette er det einaste nasjonale toppidrettstilbodet i volleyball i kombinasjon med vidaregåande opplæring. I dette samarbeidet er det eit mål for partnarane å koordinere innsats og ressursar ved å fordele ansvar i forhold til best tilgjengeleg kompetanse til kvar tid, for slik å oppnå resultat ingen kunne klart åleine, seier Hans Hylen Solberg ved ToppVolley Norge på Sand.

Regionalt utviklingsarbeid

Rogaland fylkeskommune har den leiande rolla i det regionale     Frå venstre Solveig Ege Tengesdal, leiar av opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune, Asbjørn Birkeland, ordførar i Sauda, Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal, Bjørn Sandvik, Kraftverksjef Ulla Førre Statkraft Energi AS og Eirik Sørdahl, president Norges Volleyballforbund under avtalesigneringa.    utviklingsarbeidet, med ansvar for å samordne innsatsen frå ulike aktørar ved initiativ og aktivitetar som kan styrke utvikling, også uttrykt i nærings- og innovasjonsstrategi for Rogaland.

For å stimulere regionalt utviklingsarbeid, har Rogaland fylkeskommune intensjon om å tilføre fleire aktivitetar til Sand og Indre Ryfylke, basert på erfaringar og generert kompetanse ved utviklinga av ToppVolley Noreg.

– Målet med samarbeidsavtalen er å skape ei "vinn –  vinn"-utvikling for alle partnarane, og at vi skaper gode utviklingsmoglegheiter for ungdommane, seier Solveig Ege Tengesdal, leiar av opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune som leier Partnarskapet ToppVolley Norge.

Satsing blir tilpassa skole

Med målsetning om å nå ferdigheiter på internasjonalt juniornivå, blir dagleg volleyballtrening tilpassa undervisninga ved Sauda vidaregåande skule.

– Rogaland fylkeskommune er oppteken av at ToppVolley Norge som eit spissa toppidrettstilbod som også skal rekruttera til paraidrett, seier Ege Tengesdal.

Dette unike, landsdekkande idretts- og skoletilbodet byr på slik utvikling i både innandørs og sandvolleyball.  

Meir informasjon om ToppVolley Norge