Eit godt økonomisk resultat i 2021

Fylkesdirektør Inge Smith Dokken bak en talerstol - Klikk for stort bildeFylkesdirektør Inge Smith Dokken da han presenterte Økonomiplan 2022 til 2025 i november 2021.I fjor fekk fylkeskommunen ekstra høge inntekter frå konsesjonskraft, og større skatteinntekter enn anslått i statsbudsjettet. Dette gav eit betre økonomisk resultat enn forventa, då årsbudsjettet blei vedteke i desember 2020.

Netto driftsresultat blei på 617 millionar kroner, etter korreksjonar. Det gjer at målet om eit netto driftsresultat på fire prosent av driftsinntektene er oppnådd med god margin.

– Dette er positivt, og gir oss betre føresetnader på veg inn i ein ny krevjande økonomiplanprosess for perioden 2023–2026. Resultatet for 2021 vitnar om ein organisasjon som leverer godt og har budsjettdisiplin, seier fylkesdirektør Inge Smith Dokken.

Krisekassa kan byggast opp

Fylkeskommunen set no av midlar til disposisjonsfond, slik at «krisekassa» kan byggast opp. I årsbudsjettet for 2022 har fylkestinget vedteke å bruke 86 millionar kroner av denne bufferkapitalen til investeringar.

– Vi treng òg påfyll av reservar til uventa utgifter eller inntektsbortfall, og for å nå fylkestinget sine finansielle måltal, seier Smith Dokken. Han peikar på ei av overskriftene i økonomiplanbehandlinga: «Viss økonomien styrast fornuftig, skapast økonomisk og politisk handlingsrom».

Fylkesrådsmannen viser til auka uvisse rundt inflasjon og renteutvikling, og krevjande sparetiltak som er vedteke i økonomiplan 2022–2025.

Økonomisjefen er fornøgd

– Òg sett i forhold til revidert budsjett var resultatet betre enn forventa. Den ekstra avsetninga til disposisjonsfond på 343 millionar kroner er «engongspengar», og føresetnadene for vedteken økonomiplan er uendra, seier økonomisjef Øyvind Langeland.

Han understrekar at det i årsrekneskapen for 2021 berre er overført 146 millionar kroner frå drift til investering, i tråd med opphaveleg budsjett. Skolane har i tillegg brukt noko driftsmidlar til å dekke eigne investeringar.

– Fylkestinget har som utgangspunkt at vi skal overføre fire prosent av driftsinntektene frå drift til investering. Dette er i tråd med dei særskilde anbefalingane for fylkeskommunar. I 2021 var fire prosent av driftsinntektene omtrent 360 millionar kroner, seier Langeland

Dette viser tala:

Førebels urevidert årsrekneskap for 2021:

  • Rogaland fylkeskommune hadde eit korrigert netto driftsresultat på 617,1 mill. kroner.
  • Dette utgjer 6,9 prosent av driftsinntektene.
  • Før korreksjon var driftsresultatet på 755,3 millionar kroner (8,4 prosent).
  • Korreksjonane dreier seg hovudsakleg om netto avsetningar til øyremerka føremål, som til dømes  belønningsmidlar via byvekstavtalen som skal bidra til at fleire syklar, går eller tek kollektivtransport.
     

Tapte inntekter – auka utgifter

Pandemien har påført fylkeskommunen ei økonomisk belastning i form av tapte inntekter og auka utgifter på nokre område. Som i fjor er direkte konsekvensar kompensert gjennom auka løyvingar frå staten. Mobilitetsleverandøren Kolumbus, Tannhelse Rogaland FKF og skolane får dekt tapte inntekter og auka utgifter.

I driftsresultatet inngår eit overskot for skolane på om lag 80 millionar kroner. Fagskolen Rogaland og vaksenopplæringa inngår i talet. Dette overskotet tek skolane med seg vidare i 2022. Skolane sitt overskot har auka frå 50 millionar kroner i fjor.