Ein hund etter sprengstoff

Karoline Thaulow Solstad og hunden Capo.  Fin-innstilte nasar snusar seg fram til restar av sprengstoff i Frafjordtunnelen.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) ligg i botn for alt arbeid i Rogaland fylkeskommune.

Snart startar oppgraderinga av den 3812 meter lange Frafjordtunnelen på fylkesveg 4414, mellom Gilja og Frafjord i Gjesdal. Tunnelen treng ei skikkeleg fornying for å oppfylle krava i tunnelforskrifta. Når oppgraderinga av tunnelen er ferdig hausten 2022, får trafikantane ein mykje meir trafikksikker tunnel.

Firbeint HMS-hjelp

Jobben i tunnelen inneber ein god del sprengingsarbeid, for å gi plass både til breiare tunnel og fire bergrom med tekniske bygg og havarilommar. Difor er det viktig for prosjektleiinga å sjekke at det ikkje ligg gamle sprengstoffrestar i tunnelen frå 1999, då tunnelen blei bygt. Dette kan vere farleg for både menneske og miljø.

—  Vi ynskjer å sjekke tunnelen før entreprenøren går i gang med arbeidet, seier byggeleiar Arne Sverre Mathiesen i Rogaland fylkeskommune.

HMS-arbeidet har difor fått firbeint hjelp. Hundane og førarane frå Eksplosivhund.no AS har bakgrunn frå Forsvaret. Sist veke saumfarte fire hundar tunnelen.

Gjer det han likar best

Det er ingen hemmelegheit at hundar har svært mykje betre luktesans enn menneske. Hos hundar utgjer lukteorganet ei flate som er 60-200 cm², avhengig av rase. Til samanlikning har vi tobeinte berre 2-3 cm² å rutte med. Talet på luktceller hjå hundar er cirka 70-220 millionar. Menneske har 5-20 millionar.  

Hundeførar Olav Bones slepp ut lina. Hunden Capo er lett å be, for no skal han gjere det han likar aller best, bruke den følsame nasen til å finne sprengstoff. Løna er godord og ein kong (ein form for ball) som han og hundeførar har ein draleik med. 

Capo er sju år og av rasen malinois. Han set seg bokstaveleg talt på bakbeina og stirrar. Han har fått ei passiv markering, som det heiter på fagspråket. Den finstemte nasen har lukta seg fram til det som kan vere gammalt sprengstoff. Hundeføraren markerer med oransje spray kor på tunnelveggen restane truleg ligg.  

Dei fire hundane som er på jobb i tunnelen brukar to dagar på å søke gjennom begge sider av Frafjordtunnelen. Til saman gjer dei 26 funn av restar.

— Hundane fant gammel slurry, som ikkje er spesielt farleg. Vi informerer entreprenøren om funna og kvar dei er gjort, fortel Arne Sverre Mathiesen.

Han er glad dei sjekka tunnelen, for søkshundane bidreg til tryggast mogleg tilhøve for dei som snart skal jobbe i tunnelen.

Til toppen