Braut Haaland får Bragdprisen 2020 - Rogaland fylkeskommune

Braut Haaland får Bragdprisen 2020

Klikk for stort bildeFotballspelaren Erling Braut Haaland (20) frå Bryne er tildelt Rogaland fylkeskommunes Bragdpris 2020. Borussia Dortmund Media department Fotballspelaren Erling Braut Haaland (20)  frå Bryne får Bragprisen 2020 frå Rogaland fylkeskommune. Trass i skade, nyt han livet og lover å snart komme sterkare tilbake.

Årets Bragdpris-vinnar er kåra til Europas beste unge spelar i verdas største idrett. Det er allereie skrive to bøker om han, trass i at han berre er 20 år. I tillegg har han ein marknadsverdi på 1,68 milliardar kroner.

– Det er ei ære og glede å få dele ut Bragdpris for 2020 til Erling Braut Haaland, seier fylkesordførar Marianne Chesak i sin gratulasjonstale i det digitale fylkestinget 8. desember.

Vanlegvis prøver fylkesordføraren å avsløre namnet på prisvinnaren så langt ut i gratulasjonstalen som mogeleg, men det var ikkje så lett med årets prisvinnar.

– Når utanlandske medium reiser til Bryne for å finne ut korleis du blei så god, då har du noko unikt på gang, seier Chesak om den unge prisvinnaren.

Stolt og takknemleg prisvinnar

Erling Braut Haaland takka fylkesordføraren for prisen via skjerm på Teams. Han skulle eigentleg spelt Champions League kamp i St. Petersburg tysdag kveld, men er skada og må, som han sjølv seier, finne andre ting å glede seg over.

– Det er stort å vinne og få denne prisen, og ja, eg er stolt av dette. Eg skal ta han med meg vidare, og han skal få plass på peishylla, seier Klikk for stort bilde Bildbyrån   Erling Braut Haaland

Han er, med sine 20 år, den yngste Bragdpris-vinnaren i Rogaland fylkeskommune sidan den blei delt ut for første gong i 1994.

Bragd-prisen blir delt ut til ein person som har markert seg ut over det vanlege nasjonalt og internasjonalt, og som har marknadsført Rogaland på ein positiv måte.

– Du har hatt ei eventyrleg reise og utvikling, frå Bryne til storklubben i Tyskland. Vi er utruleg stolte av deg! Du er ein fantastisk ambassadør for Rogaland og for fotballen, seier fylkesordføraren.

Snart skadefri

– Tusen takk for det. Dette er nydelege ord å få frå deg. Eg prøver jo berre å vere meg sjølv, på banen og utanfor banen, den guten frå Bryne som eg alltid har vore. Eg har ikkje endra meg sidan eg spelte i Bryne, eigentleg. Eg prøver rett og slett å kose meg med sporten som eg har halde på med heile livet, og prøver berre nyte livet, svarer den audmjuke Borussia Dortmund-stjerna.

– Korleis går det med skaden då?

– Eg har fått ein liten skade, men det er berre å sjå positivt på livet og finne andre ting å glede seg over. Eg kjem sterkare tilbake, og eg skal snart bli skadefri, lovar Erling.

Erling Braut Haaland sitt namn kom på leppene til heile fotballverda i 2019 då han som den yngste fotballspelar gjennom tidene gjorde hat-trick i debutkampen i Champions League – verdas med prestisjefylte klubbturnering - for Red Bull Salzburg. Sidan har karrieren hans skote fart.

Arva gode idrettsgen

For dei som ikkje følgjer med på fotball til dagleg, kan det vere på sin plass med eit lite resymé:

Erling kom til verda i Leeds i 2000 med gode idrettsgen. Faren Alf Inge Håland var profesjonell fotballspelar, medan mora Gry Marita Braut er tidlegare friidrettsutøvar. Han begynte å spele fotball på Bryne som fem-åring og kom med i Alf Ingve Berntsen sitt ungdomsprosjekt. Dette prosjektet blei det nyleg skrive bok om.

15 år gamal debuterte han som A-lagsspelar på Bryne FK, og blei kåra til banas beste. I 2017 reiste han frå Bryne til Molde FK, kor han var i to år med Ole Gunnar Solskjær som trenar. Under tida i Molde hadde han ei fantastisk utvikling, men det var då han kom til Red Bull Salzburg, i 2019, at «villdyret» vakna for alvor. Han dundra inn mål på mål, og det blei snart klart at han hadde vakse ut or Salzburg-drakta òg. No kom dei verkeleg store klubbane på bana, og valet fall på Borussia Dortmund i tysk Bundesliga. Der debuterte han med bravur - og nok eit hat-trick. 

Stadig nye rekordar Klikk for stort bildeErling Braut Haaland, vinner av Rogaland fylkeskommunes Bragdpris 2020 Borussia Dortmund-Medien   

Det kan sjå ut som om Erling Braut Haaland set ein ny rekord kvar gong han går ut på bana: Han scora ti mål på dei sju første kampane i Champions League. Han debuterte for Dortmund som innbytar i det 57. minutt, og gjorde hat-trick på 20 minutt. Han har òg markert seg på det norske landslaget og scora ni mål for Noreg mot Honduras i U20-VM i 2019. For å nemne noko.

Då Braut Haaland fekk tilbod om å spele for Manchester United, og i staden valde Dortmund, var det eit val som sette sportsleg utvikling framfor pengar og prestisje. Det sportslege er drivkrafta. For Erling handlar det om å bli så god som råd – og betre enn far. Det er han villig til slite og ofre seg for. Bak alt av scoringar og kåringar ligg hardt og målretta arbeid. Når resten av laget har gått for dagen, står han gjerne att på feltet og terpar på detaljar.

Ein særs god ambassadør

Fylkesordføraren framhever at Erling Braut Haaland er ein særs god ambassadør for Jæren og heile Rogaland.

– Her er altså ei mengde merittar og rekordar og ovasjonar å ta av – det er stoff til ein timeslang tale. Men de skjønnar poenget: Erling Braut Haaland er eit positivt forbilde for unge idrettsutøvarar, ikkje bare i Rogaland og Noreg, men i heile deKlikk for stort bildeFylkesordfører Marianne Chesak med statuetten som Bragdprisvinneren får i tillegg til 50 000 kroner.n fotballinteresserte verda. Han veit kor han kjem frå, og med dei eineståande prestasjonane på fotballbana og sitt jordnære vesen utanfor, er han ein særs god ambassadør for Jæren og heile fylket vårt, seier ein tydeleg stolt fylkesordførar Marianne Chesak. 

Bragdprisen er en honnør til en person som har utført en særskilt innsats innenfor et hvilket som helst samfunnsområde. Prisen består av en statuett av Kristoff Nasilowski, samt 50 000 kroner.

Informasjon om Bragdprisen 

Til toppen