Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid

Under utferden skal me sjå på klimavenlege landbruksbygg i tre. Statsforvalteren i Rogaland Skogselskapet i Rogaland inviterer til klimaseminar «Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid».

Dato
16. september 2021
Tid
10:00 - 18:00
Sted
Vikedal Kro og Motell

Korleis kan kommunar og næringsliv samarbeide om gode klimatiltak? Korleis gir klimaomstilling i landbruket moglegheiter for næringsutvikling?

Arne Bergsvåg, fylkesvaraordførar, fortel om fylkeskommunen sin rolle i klimaarbeidet, og framoverlente aktørar i landbruket og næringslivet presenterer eksempel på velfungerande ordningar der næringslivet og kommunane samarbeider om klimatiltak i landbruket.

Målgruppe

Alle som jobbar med landbruk eller næringsutvikling i forvaltning og næringsliv

Agenda

  • Ope årsmøte i Skogselskapet. Kaffi med noko attåt
  • Lunsj for alle deltakarar på årsmøte og klimaseminar
  • Klimaseminar: Fagprogram med innlegg frå mellom anna fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg og Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef i Vindafjord.
  • Utferd: Tore Hundseid viser klimavenlege landbruksbygg i tre. Kjell Tomas Kirketeig viser fram korleis biogass, solceller og flisfyring kan kombinerast på gardsbruk med smågrisproduksjon.

Hald av dagen!

Gå til program og påmelding (PDF, 143 kB)

 

Seminaret skjer i samband med årsmøtet i Skogselskapet i Rogaland, og er arrangert i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland.

Kontaktpersonar

Stein Bomo, Fylkeskogmeister, epost: fmrosbo@statsforvalteren.no tlf: 51 56 89 72

Birgit Sundbø Hagalid, Fylkesskogmeister, epost: bisha@statsforvalteren.no tlf: 51 56 88 91 

Arrangør

Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Til toppen