Den digitale tettstadkonferansen 2021 - Rogaland fylkeskommune

Den digitale tettstadkonferansen 2021

Den vesle kystbygda Nesvåg i Sokndal kommune, heilt sør i Rogaland. - Klikk for stort bildeDen vesle kystbygda Nesvåg i Sokndal kommune, heilt sør i Rogaland.Stadig fleire ser til bygdene. Men korleis skapar me attraktive tettstader saman? Og korleis kunne den vesle bygda Straumen få Statens pris for attraktiv by?

Dato
3. februar 2021
Tid
12:00 - 14:15
Sted
Digitalt

Den digitale tettstadkonferansen 2021 gir fagleg påfyll om distriktskommunen si rolle som samfunnsutviklar. Her vil ordførar i Inderøy kommune, Ida Stuberg, kommunearkitekt i Meløy, Navid Navid, og sosial entreprenør Bonolo Ramphomane-Aandahl, snakka om suksessfaktorar i sine prosjekt. Du får også høyra verdifulle erfaringar frå arbeidet med Sauda og Hjelmeland sentrum.

Konferansen markerer ein ny fase i prosjektet Attraktive tettsteder i distriktene, som er del av Rogaland fylkeskommune si distriktssatsing.

Slik deltek du på konferansen

Konferansen blir sendt direkte på Microsoft Teams.

Du kan følgja sendinga på datamaskin eller mobil ved å bruka Microsoft Teams-appen eller ved å sjå sendinga direkte i ein nettlesar. Det blir mogleg å senda inn spørsmål undervegs i sendinga.

Delta på den digitale tettstadskonferansen 2021

Program

Kl. 12.00–12.10: Velkommen, ved fylkesordførar Marianne Chesak

Kl. 12.15–12.35: Attraktive tettsteder i distriktene, ved Christine Haver, regionalplansjef i Rogaland

Kl. 12.40–12.55: Statens pris for attraktiv by 2020: Suksessen Straumen, ved Ida Stuberg, ordførar i Inderøy kommune

Kl. 13.00–13.15: Kommunen som samfunnsutviklar, ved Navid Navid, kommunearkitekt i Meløy kommune

Kl. 13.20–13.35: Sosialt entreprenørskap og lokale møteplassar, ved Bonolo Ramphomane-Aandahl, entreprenør og dagleg leiar for Suldal bad

Kl. 13.40–14.05: Erfaringar frå Attraktive tettsteder i distriktene:

  • Sentrumsplan for Hjelmeland sentrum: Haldis Karine Nilsen, plan- og forvaltningssjef i Hjelmeland kommune
  • Sydande Sauda: Ingvild Hovind, arkitekt og prosjektleiar i Sauda kommune

Kl. 14.10–14.15: Oppsummering og takk for i dag

Kontaktperson

Hanna Maria van Zijp, rådgjevar i regionalplanavdelinga
E-post: hanna.maria.van.zijp@rogfk.no

Arrangør

Regionalplanavdelinga
Til toppen