Det blir ei kursløype med fire digitale samlingar i mars 2025.
I kursløypa tar vi utgangspunkt i «Kunnskapsaktør, teksthefte», som ligg på bibliotekutvikling.no. Denne læringsressursen er laga for å ta eit heilt nytt grep om biblioteka si rolle som kunnskapsaktør og for jamleg kompetanseheving.
Kursløypa er kalla Restartløypa og er ei av sju kursløyper som er laga i prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF) innan satsingsområdet biblioteka som kunnskapsaktør. Ei undersøking i FIF-prosjektet viser at berre fire av ti tilsette i folkebiblioteka er trygge i rolla som kunnskapsformidlar og opplever tryggleik i å rettleie brukarar i søk.
Restartløypa skal bidra til å auke tryggleiken til bibliotektilsette som kunnskapsaktørar, ei av dei viktigaste rollene biblioteka har.
Tilsette i alle bibliotek i Rogaland er velkomne til å melde seg på. For den enkelte bibliotektilsette blir dette ei god moglegheit til å knyte kontaktar med kollegaer i andre kommunar i fylket.
Kursløypa tar utgangspunkt i læringsressursen på bibliotekutvikling.no. Denne er utvikla som del av prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek, støtta av Nasjonalbiblioteket.
Om samlingane:
Kursholder Anne Askeland, Møre og Romsdal fylkeskommuneDet vil vere fire digitale samlingar, og til kvar samling skal deltakarane førebu seg noko. Vi deler inn i mindre grupper for gruppearbeid. Samlingane blir leia av Anne Askeland frå seksjon for kultur og folkehelse i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Meir informasjon om førebuing til kursa og lenker til møta blir sendt på e-post til deltakarane etter påmelding.
Deltaking er på Teams og det er venta at du som er med deltar aktivt i samlingane. Sjekk difor at mikrofon og aller helst kamera fungerer. Dette er ekstra viktig fordi det blir inndeling i mindre grupper der det skal vere refleksjon og samtalar. Det blir ikkje gjort opptak.
Påmelding
Du må registrere deg til kvart enkelt arrangement.
Første samling, 6. mars: Folkebibliotek som kunnskapsaktør
Her melder du deg på samling 1
Andre samling, 13. mars: Referansetenestene – kommunikasjon og synleggjering
Her melder du deg på samling 2
Tredje samling, 20. mars : Kjeldekritikk
Her melder du deg på samling 3
Fjerde samling, 27.mars: Lokale satsingar
Her melder du deg på samling 4