Mobiliseringsmøte: Støtte til lausdriftsfjøs

Velkomen til mobiliseringsmøte i Vikeså der tema er prioritering av investeringsmidlar til bygging av lausfriftsfjøs frå Innovasjon Norge i 2025.  

Dato
17. september 2024
Tid
11:00 - 14:00
Sted
Bjerkreim kommunehus

Føremålet med møta er å gi tidleg og tydeleg informasjon om prioriteringane for 2025, og for å mobilisere for søknadar. 

Det vil vere hovudvekt på mobilisering til bygging av nye mjølkefjøs.

Mjølkefjøs for inntil 30 kyr vil ha høgast prioritet også i 2025

Det har vore godt kjend at investeringsmidlane for 2024 ville bli brukt opp tidleg på året. 

39 mjølkefjøs har fått investeringsstøtte i 2024. Gjennomsnitt investering var 10,4 mill. og snitt støtte var 3,9 mill. kroner.

Rogaland var tidleg ute og fekk brukt om lag 90 millionar av den nasjonale potten på 100 millionar kroner som var sett av for å imøtekome lausdriftskravet. 

Det er sett av same nasjonale pott for 2025, og det er viktig at vi i Rogaland kjem tidleg i posisjon til å nytte desse midlane. 

Også for 2025 vil det altså vere særleg prioritering av mjølkefjøs basert på eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag.

Møtet er ope og utan påmelding

  • Hovudmålgruppa for møtet er bønder, men også rådgjevinga og kommunar blir invitert og velkomne. 
  • Det blir nyttig informasjon rundt ordninga, og innslag frå ein bonde som nyleg har investert i nytt fjøs. 
  • Det blir enkel servering og god tid til spørsmål. 

Kontaktperson

Annabell Pfluger 
E-post: annabell.pfluger@rogfk.no 

Arrangør

Landbrukspartnarskap i Rogaland