-
Dato
-
20. mars 2023
-
Tid
-
8:30 - 15:30
-
Sted
-
IMI Forum, Stavanger
Bonden, jorda og naturen er dei viktigaste føresetnadane for matproduksjonen. Er det slik at vi tek desse for gitt og er det grunnar til uro? Blir teknologien den viktigaste drivaren i åra som kjem, eller bør vi i større grad leggja vekt på dei sosiale tilhøva og samspelet med naturen? Kva vil bøndene sjølve velja framover? Årets landbrukskonferanse vil gjera deg litt klokare, velkomen!
Målgruppe
Folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i offentleg landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket og elles alle med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.
Program
Mat må me ha – bonden, jorda og naturen i samspel
Konferanseleiar; Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (dagleg leiar og redaktør i Bondevennen)
08.30 |
Registrering og servering av kaffi mm. |
09.00 |
Velkomen ved Ståle Hustoft, jordbrukar frå Nedstrand |
Miljømessig berekraft - Naturvern og jordvern
09.15 |
Landbruket må ta omsyn til naturen. Liv Guri Velle, forskingsleiar i Møreforsking |
10.00 |
Kampen om jorda – kommunane sitt handlingsrom til å tilbakeføre utbyggingsområde til jordbruksformål. Nikolai K. Winge, dagleg leiar i Holth & Winge |
10.30 |
Ordførarar kommenterer handlingsrommet til å tilbakeføre utbyggingsområde. Sigmund Lier frå Tysvær kommune og Odd Stangeland frå Eigersund kommune |
10.50 |
Pause |
Økonomisk og sosial berekraft - Fleire bein å stå på
11.10 |
God inntening på vidareforedling av skogressursane i kombinasjon med mjølkeproduksjon. Kjetil Skartland, bonde og skogeigar |
11.35 |
Inn på tunet – garden som arena for demensomsorg. Marit og Arthur Salte frå Torvholen Gard |
|
Time kommune sine erfaringar med Inn på tunet og korleis garden kan bidra til kommunal oppgåveløysing. Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune |
12.00 |
Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland |
13.00 |
Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Geir Skadberg, styreleiar i Rogaland landbruksselskap |
13.15 |
Teknologi, kunstig intelligens og robotisering i drivhus. Atle Rettedal, CEO og gründer av Trolltunga Robotics AS |
13.35 |
Rogalandsbonden må ta mange val nå om dagen - skal, skal ikkje om vegval, økonomi/lønsemd. Bjarne Holm, direktør i Norsk Landbruksrådgiving |
14.15 |
Pause |
14.35 |
Om lag kvar tredje mjølkeprodusent i Rogaland vil slutta med mjølk innan 15 år. Kommentarar frå TINE og Q-meieriet |
14.50 |
Bonde i medgang og motgang, korleis unngå psykiske utfordringar. Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk Landbruksrådgiving |
15.20 |
Kort oppsummering av dagen v/konferanseleiar |
15.30 |
Takk for i dag. Vel heim! |
Påmelding
Meld deg på ved å klikke på knappen under. Frist for påmelding er 3.mars, og påmeldinga er bindande. Konferansen kostar 950 kr per deltakar.
Transport/parkering
Konferansen er på IMI Forum i Stavanger. Næraste buss-stopp er IMI- Kirken busstopp som ligg 2 min gange frå IMI Forum. Dersom du må parkere, er det mogleg på P-forum Tjensvoll. Her er det mogleg å lade el-bil
Arrangør
-
-
Rogaland fylkeskommune, KS, Landbruksråd Rogaland, Rogaland Bondelag, Agrovisjon, Rogaland landbruksselskap, LO, NHO og Statsforvaltaren i Rogaland