Vaksenopplæring

Vaksenopplæring haust 2018/vår 2019

Ønskjer du generell studiekompetanse etter 23/5-regelen blir følgjande tilbod vurdert starta opp frå januar 2019:

  • Norsk                         
  • Historie                      
  • Samfunnsfag         

Undervisninga skjer på kveldstid og vurdering og eksamen blir som for ordinære elevar i vidaregåande skule. Altså er den faste eksamenen du må ta norsk hovudmål og resten er såkalla trekkfag. Blir du ikkje trekt ut er det standpunktkarakteren din som tel.

Er du interessert må du søkje www.vigo.no og få avgjort retten din. Send og informasjon til mor@skole.rogfk.no med dokumentasjon om at du er interessert. Viss du lurer på noko, ta kontakt med Einar Schibevaag, 91308972.

Dei andre faga; engelsk, naturfag og matematikk som du óg må ha for å få studiekompetanse vil kome seinare. 

Ønskjer du fagbrev innan helsearbeiderfaget eller salgsfaget?

Følgjande opplæring blir starta opp frå hausten 2018. Undervisinga skjer på kveldstid. Du har elevstatus og får standpunktkarakter i alle fag.

  • Vg2 Helsearbeiderfag

Er du interessert må du søkje www.vigo.no og få avgjort retten din. Send og informasjon til mor@skole.rogfk.no med dokumentasjon om at du er interessert innan 15.05.2018. Viss du lurer på noko, ta kontakt med Einar Schibevaag, 91308972.

Generell informasjon

Ønskjer du meir informasjon om 23/5 regelen og faga du treng for å få studiekompetanse finn du det her:

https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/privatist/Fag-og-fagkoder-for-studiekompetanse/

 Vaksenrett

Frå og med det året du blir 25 år kan du ha rett til gratis vidaregåande opplæring for voksne viss du:

  • har fullført norsk grunnskule eller
  • har er ferdig  allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år og har kunnskapi engelsk på nivå med norsk grunnskule
  • ikke har ferdig med vidaregåeande opplæring i Noreg eller
  • har utdanning frå andre land som ikkje blir godkjent som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg
  • har lovleg opphald i Noreg

For å få rett til vidaregåande opplæring for vaksne må du søkje på www.vigo.no

For meir informasjon om søknad
http://www.rogfk.no/Vaare-tjenester/Utdanning/Voksenopplaering/Hvordan-soeke