Skolerute for skoleåret 2018-2019

Skoleåret har 190 dagar. Fylkeskommunen fastset nokre av desse. Resten er å finna på skolane sine heimesider.

I skoleruta for 2018-2019 gjeld følgjande som forskrift og kan ikkje endrast:

  • Første elevdag måndag 20. august
  • Haustferie veke 41 (8. – 12. oktober)
  • Vinterferie veke 9 (25. februar – 1. mars)

Det er også sett opp to felles planleggingsdagar. Datoane for desse gjeld førebels med atterhald om endring:

  • Felles planleggingsdag haust tysdag 13. november
  • Felles planleggingsdag vår onsdag 13. februar

Plassering av andre ferie- og fridagar samt plassering av siste skoledag gjer skolane fritt innanfor den ramma opplæringslova § 3-2 set:  Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Kvar skole legg si skolerute ut på heimesidene sine.

Del denne artikkelen på: