Skolerute for skoleåret 2017-2018

Skoleåret har 190 dagar. Fylkeskommunen fastset nokre av desse. Resten er å finna på skolane sine heimesider.

Desse er fastsette av fylkeskommunen og gjeld for alle skolane:

  • Første elevdag torsdag 17. august
  • Haustferie veke 41 (9. – 13. oktober)
  • Vinterferie veke 7 (12. februar – 16. februar)

Det er også sett opp to felles planleggingsdagar. 

  • Felles planleggingsdag haust tysdag 14. november
  • Felles planleggingsdag vår onsdag 28. februar

Plassering av andre ferie- og fridagar samt plassering av siste skoledag gjer skolane fritt innanfor den ramma opplæringslova § 3-2 set.

Kvar skole legg si skolerute ut på heimesidene sine.

Del denne artikkelen på: