Landbruk

Kyr i landskap

Kyr i landskap

Landbruket - ei næring for framtida

Landbruket er viktig for verdiskapinga i Rogaland no og i framtida. I 2014 vart det gjort ei ny kartlegging som seier verdiskapinga har auka med 90 millionar kroner sidan 2010. Sysselsettinga går ned med 84 årsverk medan verdiskapinga aukar med kr 19 300 per årsverk. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæringar og næringsmiddelindustrien var 5,6 mrd. kroner i 2014, heile 0,8 mrd. kroner meir enn i 2010. 

Det er ein liten nedgong i mjølkeproduksjonen men mjølka er framleis berebjelken i verdiskapinga. Heile 44% av den totale verdiskapinga på 2,7 milliardar kroner frå jordbruket kjem frå mjølkeproduksjonen. Det er store regionale skilnader i verdiskapinga. Jæren har 70 prosent av verdiskapinga i landbruket. Kartlegginga av verdiskaping fortel ikkje berre kva verdiar landbruket skapar men kva verdi landbruket har for kommunane og levande lokalsamfunn. Finnøy kommune har høgast verdiskaping frå jordbruket per innbyggjar medan bykommunane Stavanger og Haugesund har lågast verdiskaping per innbyggjar.   

Verdiskapinga i landbruket i 2010 

Verdiskapinga i landbruksbasert verksemd i 2010

Verdiskapinga i landbruket i kommunane i 2010

Verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i 2014

Verdiskapinga i landbruket i kommunane i 2014

Visjonen i Rogaland er eit livskraftig landbruk i heile fylket

Dei næringspolitiske måla til landbruket i Rogaland er setla i regionalplan for landbruk. Dei regionalpolitiske satsingsområda er mat, rekruttering og kompetanse og klima og energi. Eit livskraftig landbruk i heile fylket er ein grunnleggjande føresetnad om Rogaland skal halda posisjonen som jordbruksfylke og auka matproduksjonen. Ein avgjerande strategi for å kunne produsera mat er eit strengt vern av matjorda.

Fylkestinget vedtok det då dei godkjende regionalplan for landbruk 7. juni 2011 (sak 47/11):
«Fylkeskommunen meiner eit strengt jordvern er avgjerande om ein skal klare å fylle visjonen om eit livskraftig landbruk i heile fylket.» 

Ein annan viktig strategi for å auka matproduksjonen er å stimulera til bruk og auka bruk av beiteressursane i utmarka. I regionalplan landbruk er eit av måla å auka beitebruken av både småfe og storfe, målt som beitande dyr og produsert mengde kjøt.

Produksjonen av mat er viktig for sysselsettinga og verdiskapinga i Rogaland. Fylkeskommunen har eit handlingsprogram næring og økonomiske verkemiddel som set heile verdikjeda frå jord til bord på dagsorden. Frå primærproduksjonen, foredling og til ferdige produkt i næringsmiddelindustri og måltidsnæring. NCE Culinology og Måltidets hus er næringsklynger som skal utvikle måltidsnæringa. 

Del denne artikkelen på:

Dette er ei tilskotsordning som fylkeskommunen har fått ansvaret for etter forvaltingsreforma i 2010. Det er jordbruksavtalemidlar. Forvaltingsreforma gjorde at fylkeskommunen skal vera ein regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet.

Les mer >
Kontaktperson