Havbruk

Stortinget har bestemt at Norge skal verta ein av dei fremste sjømatnasjonane i verda. Folketalet aukar i verda, og den globale produksjonen av mat må auka med 70 % for å dekka trongen for mat i 2050. Fylkestinget i Rogaland har bestemt at produksjonen av sjømat skal doblast i 2020 i høve til 2010.

Målet er at Rogaland skal vera eit føregangsfylke når det gjeld berekraftig vekst og miljøvenleg teknologi innan havbruk. Det er og eit mål at næringslivet i Rogaland skal kjenneteiknast av høg grad av kreativitet og innovasjon. Det skal vera tilstrekkeleg og relevant kompetanse i alle delane av Rogaland. Akvakulturstrategien (pdf)

Dei gode samarbeidspartnarane for å utvikle havbruksnæringa

Blue Planet AS er eit rådgjevings- og utviklingsselskap for havbruksnæringa.

Vestnorsk havbrukslag omfattar medlemsbedriftene til Sjømat Norge i havbruksnæringa i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder.

Havforskingsinstituttet gir forskingsbaserte råd om akvakultur og om økosystema i havet og fjordane. Havforskingsinstituttet har publisert årlege risikovurderingar av miljøverknader av norsk fiskeoppdrett sidan 2011.

Havforskingsinstituttet utviklar ein straumkatalog for Vestlandet. Ein straumkatalog (pdf) er eit web- basert informasjonssystem for straum og spreiing.

Situasjonen for næringa i Rogaland

I  2012 blei det utarbeidd ein rapport (pdf) om sysselsetting og verdiskaping i havbruksnæringa.

I Risikovurdering norsk fiskeoppdrett 2014 (pdf) finn de fakta om kva påverknader oppdrettsnæringa har på naturmiljøet.

Det er nyleg laga ein ringvirkningsanalyse (pdf) som viser samfunnsøkonomiske konsekvensar av næringa.

Kva gjer fylkeskommunen for å styrke og utvikla havbruksnæringa i Rogaland?
Utdanning

Strand vidaregåande skule tilbyr utdanning innan havbruk. 

Samarbeid på Vestlandet

Vestlandsfylka samarbeider om tilrettlegging av næringsutvikling innan havbruk.

Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd for fylkeskommunane på Vestlandet. Dei skal jobbe for gode rammevilkår for havbruksnæringa.

Det finst og eit fagnettverk på Vestlandet kalla VestMarin.

Visjonen til nettverkssamarbeidet er å oppretthalda og styrka posisjonen til Vestlandet innan marin sektor. Samarbeidet er ein arena for å effektivisera og betra kvaliteten på den næringspolitiske sakshandsaminga, kompetanseheving, profilering av næringa og samordning av verkemidla.

Nettverket er pådrivar for prosjektet marine grunnkart på Vestlandet. Det er Sjøkartverket og NGU som er sentrale i dette arbeidet. Søkjelyset er på data om djup og botngeologi. Kartlegging av sjø og sjøbotn er heilt naudsynt i arbeidet med å leggje til rette for verdiskaping innan havbruket.

Samarbeid forsking og næring

Fylkeskommunen forvaltar midlar til forskingsdrive innovasjon frå Forskingsrådet gjennom VRI, verkemiddel for regional innovasjon. Havbruksnæringa er viktig i bioøkonomien. Bioøkonomi er økonomisk verdiskaping basert på fornybare biologiske råvarer. Bioøkonomien spelar ei strategisk rolle og er eit av satsingsområda i innan forsking og utvikling i Rogaland. Visjonen til FoU-strategien for Rogaland er ny kunnskap for auka verdiskaping.

Fylkeskommunen er medeigar av Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFFVest) som finansierer forsking for utvikling og innovasjon i regionen. Berekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor – er eit av dei prioriterte tema.   

Regional planlegging og mobilisering

Målet om å doble produksjonen av sjømat i Rogaland, krev areal. Løysinga er planstyrt arealbruk og verdiskaping. Det er kommunane som styrer og bestemmer korleis sjøareala skal brukast og forvaltast. Det er mange interesser i sjøen og kampen om plassen aukar. Både næringa sitt behov for areal, berekraftig vekst og aukande kamp om areala krev eit framtidsretta og heilskapleg perspektiv. Fylkeskommunen har starta eit arbeid med Regionalplan for sjøareal havbruk for å spreie kunnskap om næringa, for å kartleggje arealbruksinteressene og for å mobilisera kommunane til å setja havbruksnæringa på dagsorden i kommunal planstrategi og kommuneplanlegginga.    

Del denne artikkelen på: