Bioøkonomi

Kua som et tare – sjølve symbolet på grunnsteinen i bioøkonomien i Rogaland - samarbeidet mellom blått og grønt næringsliv.

STRATEGI FOR BIOØKONOMI I ROGALAND 2018 – 2030

Samarbeid – Kunnskap – Teknologi

No er det grøne skiftet i gong. Fylkestinget godkjende Strategi for bioøkonomi i Rogaland 2018 – 2030 i møtet 30.oktober 2018, sak 100/18.

Det er ambisiøse mål i strategien. Visjonen er at Rogaland skal verta eit kraftsenter for bioøkonomien. Samarbeid, kunnskap og teknologi er det som skal gjera visjonen om til noko verkeleg. Det er peika ut tre innsatsområde

  • Utvikling og produksjon av fôr og fôrressursar til jordbruks- og havbruksnæringa
  • Avfall som ressurs og auka bruk av restråstoff – sirkeløkonomi.
  • Auka lokal foredling av råvarer frå landbruket og havbruket.

Saksutgreiing

Vedtak

Det grøne skiftet og omstillinga til ein grønare økonomi omfattar alle samfunnsområde og aktørar. Innovasjon og teknologiutvikling med kopling til forsking- og utvikling, FoU, og kunnskap er viktige innsatsfaktorar. Det viktigaste er samhandling og samarbeid mellom dei blåe og grøne næringane.

Biorådet i Rogaland er på plass

Fylkestinget støttar etablering av ein nettverksorganisasjon etter modell av Biorådet Innlandet kor næringslivet har ein sentral rolle. Det er etablert eit bioråd i Rogaland kor næringslivet har hovudrolla. Det skal etablerast ei arbeidsgruppe til kvart av innsatsområda. Mandatet deira er å få igong aktivitetar og tiltak for å oppfylle mål og resultatmål til innsatsområda. Det er ein handlingsplan til strategien som fylkeskommunen med næringssjef Elisabeth Faret og eit fagsekretariat har ansvaret for.

Referat frå møte i Biorådet 8.november 2018.

Lokalt eigarskap og kjennskap

Forslag til bioøkonomistrategien vart sendt til alle kommunane og deltakarane på arbeidsverkstadene i midten av april 2018. Kommunane vart oppmoda til å handsama forslaget politisk for å sikre lokalpolitisk eigarskap og kjennskap. Kommunane er viktige medspelarar i ei bioøkonomisk utvikling og kan vera med på satsinga med å prioritera det grøne skiftet og bioøkonomien i kommuneplanane, eventuelt i strategiske næringsplanar. Deltakarane frå næringslivet, utdanningsinstitusjonane, forskingsmiljø og offentleg sektor vart særskilt utfordra på spørsmålet om engasjement og deltaking i gjennomføringa av strategien.

Tilbakemeldingar med faglege kommentarar

Regionalpolitisk vilje og gjennomføringskraft

Regionalpolitikarane vart invitert med på ei samling i februar 2018 for å drøfte regionalpolitisk vilje og gjennomføringskraft i ei grønblå næringsutvikling i Rogaland.  Nestleiar i den politiske styringsgruppa til Innlandet sin bioøkonomistrategi, Oppland og Hedmark fylkeskommunar, Kjersti B Fremstad var med og delte erfaringar og gode råd. Frå administrasjonen var Erik Lagethon frå Oppland fylkeskommune med. Oppland fylkeskommune har som ei oppfølging av bioøkonomistrategien oppretta eit næringsfond kalla Grøn framtid – midler til berekraftig næringsutvikling. Her har dei sett av 35 millionar kroner i 2017, og 10 millionar kroner i 2018.

Program

Samarbeid er løysinga

Fylkesorddføraren sin tale på opninga av Sureacuoa Opning Sympison Nordic Centre. 25. september 2017. Her seier fylkesordføraen at samarbeid er løysinga, eller om ikkje løysinga så ein veldig god start. 

Kreative arbeidsverkstader hausten 2017

Intensjonen med arbeidsverkstadene var å fylla omgrepet grønt skifte med innhald med å avklara visjon, innsatsområde og tiltak i bioøkonomistrategi for Rogaland. Invitasjonen til tre glade og aktive verkstader med livsgnistaren Tor Øyvind Skeiseid som prosessleiar gjekk til det regionale innovasjonssystemet med engasjerte fagfolk frå næringslivet,  utdanningsinstitusjonane, offentleg sektor og frå forskinga. Alle kommunane vart invitert med med næringsansvarlege.

Arbeidsverkstad 5. oktober 2017 - Kva er bioøkonomi?

Program

Lillian Hansen , doktorgradsstipendiat på Biosmartprosjektet: Kva er eigentleg bioøkonomi? 

Oppsummering arbeidsverkstad 1

Arbeidsverkstad 1. november: Sirkulær økonomi og avfall som drivar for verdiskaping

Program

Leve fylkeskommunen. Tor Øyvind Skeiseid

Biokull: Gammel viten med nye perspektiver. Rudolf Meissner, IVAR

Sirkulær økonomi i Nortura. Torgeir Erfjord

Biogass – realisering av nærings,- miljø og klimatiltak. Oddvar Torsnes, IVAR

Oppsummering arbeidsverkstad 2

Arbeidsverkstad 30.november: Korleis få fart på dei prioriterte innsatsområda?

Program

Lærdom frå Innlandet. Bioøkonomi i Innlandet – det grønne skiftet. Erik Lagethon, Oppland fylkeskommune

Økonomiske verkemiddel i satsinga på bioøkonomien: 

Innovasjon Norge Rogaland og bioøkonomi. Aart Magnussen

Fylkesmannen og verkemiddel. Anfinn Rosnes

Universitetsfondet i Rogaland AS. Bjarte Dybvik

Fylkeskommunen sine verkemiddel. Turi Kvame Lorentzen

Bioøkonomi er eit prioritert område i Handlingsprogram næring 2019, i Regionalt forskingsfond Vestlandet og VRI, verkemiddel for regional innovasjon.

Oppsummering arbeidsverkstad 3

Deltakarane si vurdering av arbeidsverkstadene

Kunnskapsproduksjon undervegs

Arbeidsnotat 2018/008. IRIS : Utdannelse i Rogaland med relevans for bioøkonominæringen.

Regionalpolitikarane vedtek organisering, metode og framdriftsplan.

Saksutgreiing – forslag til organisering, metode og framdriftsplan

Vedtak i FT 25.oktober 2016, sak 111/16

Saksutgreiing – lærdom frå Innlandet

Vedtak i FT 7.mars 2017

Saksutgreiing orientering om arbeidet RKU 23.november 2017, sak 69/17.

Den regionalpolitiske prosessen for å få bioøkonomi på dagsorden i Rogaland

Det er vedtatt i regionalplan strategi 2017 – 2020 at det skal utarbeidast ein eigen regional strategi for bioøkonomi i Rogaland. Det er utarbeida ein nasjonal strategi for bioøkonomi. Regjeringa sin bioøkonomistrategi Kjente ressurser - uante muligheter. Bakgrunnen for satsinga på bioøkonomi i Rogaland er redusert aktivitet i  petroleumsnæringa, stort potensiale i Rogaland med ei sterk landbruks- og havbruksnæring med komplette verdikjeder og trongen for å skapa og oppretthalda sysselsetting og arbeidsplassar. Klimautfordringa har kome sterkt på dagsorden som eit argument etter dei globale berekraftsmåla frå 2016 og klimalova frå 2018.  

7. mars 2017 Fylkestinget vedtek ei satsing på bioøkonomi. Fylkestinget meiner satsinga på bioøkonomi er eit langsiktig arbeid som vil vera med å oppretthalda og skapa nye arbeidsplassar. Det er og viktig for å imøtekoma klimautfordringa

Fylkestinget seier strategien ska styrka det biobaserte næringslivet og utvikla bioøkonomien i Rogaland med auka verdiskaping og auka sysselsetting.

Det grøne skiftet i Rogaland

Det grøne skiftet er forankra i dei globale berekraftsmåla og i dei globale klimautfordringane. Desse ber bod om eit grønt skifte kor grunnlaget er ei samfunnsutvikling, verdiskaping og næringsutvikling basert på fornybare biologiske ressursar med minimalt med klimagassutslepp. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, spår at bioøkonomien vil vera den dominerande økonomien i Europa innan 40 år.   

Del denne artikkelen på: