Nynorsk lesegledar

Kva er ein nynorsk lesegledar?

Ein lesegledar er ein bokelskar som gjerne vil gi andre gode leseopplevingar. Oppdraget for ein lesegledar ligg i namnet: Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge ved å opne bøker for dei, slik at dei unge sjølv kan finne ei bok som passar. Dei har eit spesielt godt overblikk over ny nynorsk litteratur.

Lesegledarane byr på ny nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Dei har oversikt over svært mange bøker, både dei som er artige, kloke, medrivande og koselege. Nokre er spesielt glade i biletbøker, medan andre gjerne vil lese spenningsbøker.

Ta kontakt, avtal tid og stad for formidling 

NB: Siden skal oppdaterast med meir info om kvar lesegledar

Nina Werner Bjørheim: ninawebj@gmail.com

Merete M. Kindingstad: merete.meling.kindingstad@finnoy.kommune.no

Liv Klev: livklev@hotmail.com

Karen Schmidt: Karen.Schmidt@strand.kommune.no

Sveinung Helgesen: Sveinung.Helgesen@sauda.kommune.no

Anne Mo: Anne.Mo@suldal.kommune.no

Solgunn Liestøl: solgunn.liestol@hotmail.com

Ingrid Mathilde Sørvåg: Ingrid.Sorvag@vindafjord.kommune.no

Rebekka Hennum: reb_hen@hotmail.com

Økonomi

Skuleåret 2017/2018 betaler Nynorsksenteret og Rogaland fylkesbibliotek honoraret til lesegledaren. Oppdragsgjevar dekkjer reise og eventuelt kostgodtgjersle. Reiserekning vert sendt oppdragsgjevar i etterkant av oppdraget. Kvar oppdragsgjevar får som utgangspunkt dekka eit oppdrag à 45 minutt per semester. Oppdragsgjevar kan sjølv velje å dekkje fleire oppdrag/ekstra tid, men då etter avtale direkte med lesegledaren.

Skjema for lesegledar (skal berre fyllas ut av lesegledaren) 
Fylkesbiblioteket - Oppdrag lesegledarar, generisk
Del denne artikkelen på: