Enklare å søkja tilskot for frivillige organisasjonar innan kulturfeltet

Enklare å søkja tilskot for frivillige organisasjonar innan kulturfeltet

Musikkfestival på Vibrandsøy i januar 2016. Foto: Lars Opstad

Nye retningsliner er vedteke. Føremålet med endringane er å gjera det enklare å søkja og rapportera, og sikra at tilskota vert fordelte etter objektive kriterium.

Til søknaden må årsrapport, årsrekneskap og særattestasjon leggjast ved.

Årsrapporten skal visa at organisasjonen i sitt arbeid oppfyller eigne føremål.

Årsrekneskapen skal visa driftsutgiftene til organisasjonen.

Særattestasjonen (stadfesting frå revisor) skal visa:

  • Tal på medlemmar i Rogaland
  • Tal på medlemmar i Rogaland under 26 år
  • Tal på kommunar i Rogaland med lokallag
  • At dei formelle krava til lokallaga er oppfylte.

OBS: Tala må stadfestast av revisor, så det er lurt å gjera akkurat det i god tid før søknadsfristen 1. desember, som i 2019 er forlenga til 2. desember, av di 1. desember fell på helg.   

Utbetaling skjer for eitt år om gongen.

Rapporteringa, i form av årsrapport og årsrekneskap, følgjer søknaden. Det vil seia at det ikkje skal rapporterast 1. juni som tidlegare.

Kort fortalt er inngangen til denne støtteordninga at organisasjonen har minimum 100 betalande medlemmar i Rogaland. Det må vere medlemmar i minst 12 kommunar eller lokallag i minst fire kommunar i Rogaland. Organisasjonen kan ikkje få støtte frå statlege organ på regionalt nivå.

Søknadsskjema og skjema for særattestasjon (stadfesting frå revisor) vert lagt på nettsidene www.rogfk.no 1. november. Her ligg allereie retningslinene og meir informasjon om tilskotsordninga.

Om økonomiske støtteordningar

Sjå øvst i høgre hjørne: Nye retningsliner for tilskot til regionale frivillige organisasjonar innan kulturfeltet i Rogaland

Del denne artikkelen på:
Nye retningsliner for tilskot til regionale frivillige organisasjonar innan kulturfeltet i Rogaland (170,18 kB)
Kontaktperson