Tilskot til regionale frivillige organisasjonar innan kulturfeltet i Rogaland

Tilskotsordninga gjeld frivillige organisasjonar i Rogaland som arbeider innanfor det kulturpolitiske ansvarsområdet.

Søknadsfrist er 1. desember kvart år.

Søknadsskjema er nettbasert og vert lagt ut om lag ein månad før søknadsfristen.

Nye retningsliner vart vedtekne av Fylkestinget 11. juni 2019 i sak 79/2019.

Dei nye retningslinene gjer det enklare å søkja, fører til raskare utbetaling og mindre rapportering. Rapporteringa er no i form av årsrapport og årsrekneskap for sist år, sendt saman med søknaden. Det vert ikkje skilt mellom drifts- og tiltaksstøtte, men tildelt eitt tilskot basert på unge medlemmar, lokallag og verkelege driftsutgifter.

Føremål

Regionale frivillige organisasjonar skal ha gode og føreseielege rammevilkår. Det frivillige organisasjonslivet skal vera tilgjengeleg for alle, prega av mangfald og kunna arbeida fritt og sjølvstendig.

Kven er tilskotsordninga for?

Tilskotsordninga gjeld regionale frivillige organisasjonar som arbeider innanfor det kulturpolitiske ansvarsområdet. Tilskotsordninga gjeld ikkje organisasjonar som kan få støtte frå statlege organ på regionale nivå, til dømes politiske parti, trus- og livssynssamfunn og brukarorganisasjonar innan spesialisthelsetenesta som kan få støtte frå Helse Vest eller Fylkesmannen.

For å få tilskot må organisasjonen ha tilstrekkeleg regional utbreiing, det vil seia anten medlemmar i 12 kommunar, eller lokallag i minst fire kommunar i Rogaland. Eit lokallag må ha eigne vedtekter, eige årsmøte, eige styre, som vert valt av og mellom medlemmane, og eiga årsmelding. Det vert telt eitt lokallag per kommune, og har eit lokallag medlemmar i fleire kommunar, vert det rekna som eitt lag.  

Organisasjonen må ha minimum 100 betalande medlemmar i Rogaland for å få tilskot. Som medlem vert rekna personar som har meldt seg inn individuelt og betalt ein kontingent på minimum 50 kroner.

Nokre regionale organisasjonar har større omfang enn Rogaland fylke, med medlemmar/lokallag utanfor fylkesgrensa. Desse vil verta trekte frå ved utmåling av tilskotet.

Utfyllande opplysningar står i Retningslinene. 

Del denne artikkelen på:
Retningslinjer for tilskudd til regionale frivillige organisasjoner innen kulturfeltet i Rogaland (38,43 kB)
Kontaktperson